Lunner historielag arrangert ei fin markering av frigjerings- og veterandagen ved Lunner kirke og Rundelen (ved Bjøregesæter) denne nydelege maidagen.

Tale og nedlegging av kransar av ordførar Harald Tyrdal og vakker musikk av saksofonist Tormod Melaas-Holm. Om lag 30 personar hadde møtt opp ved Lunner kirke og 50 ved Rundelen.

I si tale heidra ordføraren norske veteranar frå andre verdskrig, deltakarane i Tysklandsbrigaden og dei ulike norske fredsbevarande operasjonar. Krigen i Ukraina var også ein naturleg tema å ta opp.

Ordføraren la ned krans både ved støtta til minne om kampane her i 1716 mot svenskane og 1940 mot tyskarane.

Historielag har dei seinare år på oppdrag frå Lunner kommune, hatt ansvar for å halde vedlike dei to krigsminna ved Rundelen og området rundt.

Før arrangement 8. mai var det dugnad ved krigsminnet. Søppel av ymse slag blei fjerna slik at alt var i orden til markering 8. mai. Gjennom sommaren er det mange som besøker plassen. Dette krev regelmessig ettersyn.