Gå til sidens hovedinnhold

Annleis konsert i Høyloftet

Ditt Hadeland

Knallbra! Endeleg kunne Glasslåvens venner invitere til haustens første låvematiné. Totningen Hans Esben Gihle var eit ukjend namn for mange hadelendingar, men jammen fekk han oss til å synge og le. Eller som ei av dei frammøtte sa; ho ante ikkje kva ho hadde meldt seg på, men var så fornøgd etter konserten!

Denne laurdagen kolliderte konserten med konfirmasjonar både heime og borte, men det kom tilreisande frå Toten, Gjøvik og Hamar som kasta seg rundt og ville til Granavollen for å høyre Gihle. Dei visste kva dei gjekk til.

Ein gledeleg overraska hadelending uttrykte seg slik: Vi fekk oppleve verdien av ein god latter.

Med tonefølgje av vår eigen Iver Olav Erstad på piano, framførde Hans Esben Gihle eit breitt spekter av gospel, historier og rollespel, der ryttaren «frå Brandbu» trava rundt pianoet i låven vår. Rollefigurane han karikerte fekk oss til å brøle av latter. Det var sjelebot å få høyre totningen Hans Esben og hadelendingen Iver Olav på denne regntunge laurdagen. Og på så fin dialekt!

Vi håper å sjå dykk att på dei seinare konsertane våre i haust, 2. oktober, 6. november og 26. november. Venneforeninga serverar kaffi og deileg kringle når du har funne plassen din.

2. oktober får vi klassiske svisker med musikarane Inger Jorstad og Rosamund Brown, musikklærarar i Kulturskolen vår. Då får vi høyre musikk frå ulike epokar, frå Kjetil Bjørnstad, Chopin, Shostakovich og til Ole Bull. Og vi får høyre urpremiere på Ocean-etyden av Chopin arrangert for piano og chello. Velkommen!

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.