Gå til sidens hovedinnhold

Åsulv Edland til Granavollen 17. mai morgon

Journalist Åsulv Edland er kjend for sitt arbeid i NRK, og som pensjonist kunne han endeleg finne tid til å halde minnestale over sambygdingen A.O. Vinje.

Ditt Hadeland

I år vil han fortelje oss om rollefiguren for Vinje si episke diktsamling «Storegut», som Vinja gav ut i 1866: Olav Olavsson Edland vart fødd på Nordigard i Edland i 1764 og forsvann då han gjette buskapen sommeren 1791.

«Storegut» er ei spennande diktsamling, som Hadeland dialekt- og mållag har hatt lesesirkel om. Der sat vi med fleire ulike utgåver av diktsamlinga og oppdaga at Vinje på eit tidspunkt strauk dei to versa der Grytebekken tilstod drapet på Storegut. Vel, denne gongen skal vi få høyre om den historiske Olav Olavsson Edland, han som vaks opp på grannegarden til Åsulv Edland.

Av smittevernomsyn er vi ute

I skrivande stund får vi lov å møtast 17. mai og håper det varer. Kle deg godt! Av erfaring veit vi at det bles nordavind frå alle kantar på Granavollen så tidleg i mai.

Av omsyn til risiko for smitte, gjer vi det trygt og veldig enkelt:

  • Vi held eit par meters avstand til kvarandre.
  • Når du kjem, går du til ein av våre medlemmer som notererar namn og telefonnummer.
  • Du brukar munnbind til du har funne ein plass du kan stå.
  • Vi syng ikkje i år.

Minnehøgtida blir til i godt samarbeid med kyrkja i Gran.

Beste helsing leiar og smittevernansvarlege.

Kommentarer til denne saken