Anne T Romtveit til minnehøgtida på Granavollen 17. mai

Anne T Romtveit som omvisar i Vinjestoga

Anne T Romtveit som omvisar i Vinjestoga Foto:

Av
DEL

LeserbrevI år er det Anne T Romtveit frå Vinje som held minnetale over Aasmund Olavsson Vinje. Ho har gode vener i Gran etter å ha budd her i to år medan ho arbeidde som sosialkonsulent i Gran kommune. Anne var óg innom styret i Hadeland Bygdelag, som Hadeland dialekt- og mållag heitte den gongen. I 1998 heldt ho minnetale over Vinje første gongen, og Tarjei, far hennar, spela hardingfele.

No er Anne T Romtveit ein aktiv pensjonist og formidlar. Ho er omvisar i Vinjestoga om somrane og forteljargleda har ho med seg i foretaket «Anne på landet». Ho kan til dømes fortelje om utvandringa til Amerika eller om Aasmund Olavsson Vinje. Gjennom Vest-Telemark museum fortel ho om «Jol i gamle dagar» for skuleklasser, i adventstida i eldgamle stoger på bygdemusea.

I 17. mai-programmet for Gran står det at Åsulv Edland held minnetale på Granavollen, men han måtte stå over i år på grunn av sjukdom. Han helsar så mykje til oss alle.

Hadeland dialekt- og mållag er svært takksame for at Anne Romtveit sa ja til å minnast Vinje saman med oss på 17. mai. Med bare 9 dagars varsel!

Arrangør er Hadeland dialekt- og mållag, i samarbeid med Kirken i Gran og Mannskoret KK

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags