Aud Hove: Sjukehuspolitisk ansvar

Av
DEL

MeningerSjukehusprosessar skapar stort engasjement og er komplekst. Det å skulle meine og si noko om ei sak som dette er vanskeleg, av fleire grunnar.
Det er ein foretaksmodell som gjeld. Beslutningane blir teke utanfor politisk kontroll. Likevel blir vi heile tida utfordra av våre veljarar på kva vi bør meine og må gjere. Derfor meiner SP, som vi alltid har meint, at foretaksmodellen for sjukehusa må avviklast og attende til meir politisk styring.
Ei av forutsetningane for å få nye investeringar i Sjukehus Innlandet er at driftskostnadane blir redusert. Sparekrava fører til nedbygging av viktige rehabiliteringstilbod og ei svekking av behandlingskapasiteten innan både psykiatri og somatikk. SP meiner at ingen er tent med at Sjukehus Innlandet blir stilt overfor umoglege innsparingskrav framover.
Verda står ikkje roleg og heller ikkje det som skjer innan sjukehussektoren. Mykje har endra seg sidan fylkestinga gjorde sine vedtak i 2017 om målbildet, som var å samle seg kring eit hovudsjukehus ved mjøsbrua.
Konkretisering av verksamheitsinnhald kom i januar. Den neste rapporten, som er ei samfunnsanalyse, kjem i november. Det som blir avgjerande da er i kva grad Helse Sør-Øst klarar å møte oss på dei forutsetningane fylkestinga har lagt til grunn og presiseringane som vart vedteke. Balanse mellom aust og vest er særdeles viktig her for at innbyggarane våre skal kjenne på tryggleik og få gode og framtidsretta sjukehustenester som skal stå seg i mange, mange år.
Eit nytt hovudsjukehus vil tidlegast stå ferdig i 2028. I mellomtida vil mange pasientar ha behov for sjukehusbehandling, derfor må vi på vegen mot eit eventuelt nytt hovudsjukehus oppretthalde fullverdige sjukehus som trygt og effektivt kan handtere både akutte og planlagde innleggingar. Desentralisering av spesialisthelsetenester og vidareutvikling av prehospitale tenester har heile tida vore viktige forutsetningar for oss for å støtte eit hovudsjukehus.
Stortinget vedtok i mai Nasjonal helse og sjukehusplan 2020-2023 som er tydeleg på ei god samhandling med kommunane gjennom helsefellesskap. Gode intensjonar som må gå frå ord til handling.
Kva skjer med dei oppsparte midla frå Sjukehus Innlandet om prosjekt som er under realisering og planlegging i dei andre sjukehusområda i Helse Sør-Øst ikkje lar seg realisere eller blir dyrare enn planlagd? Det er noko som må avklarast. Nå er det vår tur!
Det er heilt rett av Helse Sør-Øst å få ei samfunnsanalyse no og dette må også fylkestinget ta inn over seg. Senterpartiet meiner at vi må ta opp at saka når samfunnsanalysa blir lagt fram fordi dette er av dei viktigaste sakene for Innlandet det neste 10-året. Da skulle det berre mangle om ikkje vi skal meine noko om korleis sjukehustilbodet til våre innbyggarar skal bli for framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags