Harde og vanskelege sjukehusdebatter

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Berre for å slå fast med ein gong; fleirtalet i Senterpartiet i fylkestinget var med på vedtaket i juni om fortsatt å støtte hovedsjukehus ved Mjøsbrua. I tillegg hadde Senterpartiet eit eige forslag om at vi ville ha opp att saka når samfunnsanalysen til Helse Sør-Øst blir lagt fram nå i november. Mykje har endra seg på tre år, sidan vi gjorde vedtak i 2017.

Den uttala eg hadde i møtet i politisk referansegruppa for Sjukehus Innlandet fredag 13. november, var nettopp å peike på den kabalen som Helse Sør-Øst sjølve skal legge når dei nå har endra målbildet til fleire sjukehus i tillegg til hovedsjukehuset.

LES OGSÅ: Sterke protester mot storsykehus i Brumunddal: – Folk i Lunner og Gran vil velge Oslo

Alle er urolige for sine tilbud og det med rette. Det blir ein vanskelig øvelse for styret i Helse Sør-Øst å få ein god balanse mellom aust og vest og mellom nord og sør. Det var den balansen som var i fokus når eit politisk fleirtal gjekk inn for at hovedsjukehuset skulle ligge ved Mjøsbrua. Det er mange som har langt til sjukehus i dag, spesielt i frå Valdres og Nord-Gudbrandsdal, og å sikre dette med eit endra målbilde blir krevjande. Samtidig har vi den sørlege delen av fylket som i praksis kan velje andre sjukehus og dei skal ein også ta omsyn til. Ingen ynskjer lengre reiseveg når dei skal føde eller det står om liv. Da er minutt dyrebare.

Vi har gode sjukehus i dag og treng dei fram til ny struktur. Vi treng å halde på kompetanse fram til da og vi må rekruttere nye inn.

Styringsgruppa skal komme med si anbefaling den 11. desember og da blir også samfunnsanalysen offentleggjort. Det er fyrst da vi ser om dei klarar å sjå alle delar av opptaksområde til sjukehusa våre. Målet må vere at flest mogleg får stuttast mogleg reiseveg til sjukehuset, både pasientar og tilsette.

Så er det slik i sjukehusdebattar at det er mange meiningar og mange omsyn å ta. Vi får håpe Helse Sør-Øst er sitt ansvar bevisste og kjenner Innlandet godt nok til å sikre oss gode sjukehus og ein framtidsretta struktur også for framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken