Sanner utgått på dato!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Ivar Odnes (Sp)5. april la regjeringa ved kommunalminister Jan Tore Sanner fram sin regionmelding. Det var knytt store forventningar til kva som kunne komme i denne meldinga. Ambisjonane om å styrke demokratiet og flytte makt over til regioner og kommuner har vore store.

Difor var det med stor skuffelse eg fylgde presentasjonen av meldinga frå ministaren.

Retorikken er lik den som vart nytta da kommunereformen vart lansert. ”Kommunene har gått ut på dato”, seier kommunalministaren. For det fyrste så er dette ein lite sympatisk omtale av kommuner og fylker, som ikkje gjev styrka motivasjon for arbeidet med ny kommunal organisering. For det andre så er dette også faktisk feil. Kommunene er godt rigga for dei oppgåvene dei har i dag. Og det blir levert gode tenester ut til oss som innbyggjarar i det som fortsatt går for å vera verdens beste land å bu i. Eg hadde forventa større respekt frå kommunalministaren for det gode arbeidet som faktisk blir gjort rundt om kommune-Norge enn det han syner.

Men våre kommuner i Oppland er i gang med reformarbeidet for å vurdere større einingar med tanke på å ta i mot nye tenester og meire makt. 17 av 26 kommuner i Oppland skal i vår ha folkeavstemming om kommunesamanslåing. Her burde det vore klare signal på korleis ei større kommune skal gje betre demokrati og betre tenester til folket. Det er også greit å minne kommunalministaren om kva som står i regjeringa sin politiske plattform om kommunene:

"Kommunene er grunnmuren i det norske demokratiet. Regjeringen vil styrke lokaldemokratiet ved å flytte makt og ansvar til kommunene. Det betyr at folk flest får økt innflytelse over sin egen hverdag og sitt eget lokalmiljø. Kommunene har ansvaret for grunnleggende velferdstjenester, og skal være mest til for de som trenger det mest."

Regjeringa vil altså flytte makt og ansvar til kommunene. Og innbyggjarane skal få større innverknad på sin eigen kvardag.

Så langt er det ikkje vist til noko som er tenkt flytta over til kommunene av makt og ansvar av noko betydning. Det same skjer nå med regionmeldinga. Lite eller ingenting av nye oppgåver, men samme retorikk om at fylkene er utgått på dato og må bli større. Når er ei kommune eller fylke stort nok?

Akershus fylkeskommune har snaut 700 000 innbyggjarar. Om vi slår saman Hedmark og Oppland så bli vi snaut 400 000. Akershus fylke er også pålagt å slå seg saman med nabofylker, sjølv om dei da alt er nesten dobbelt så store i folketal som eit nytt innlandsfylke. Også Bergen kommune med snaut 300 000 innbyggjarar har fått bestilling om å slå seg saman med nabokommunene. Men da kommunalministaren vitjar Dovre og Lesja så blir det frå ministaren sagt at å slå saman desse to kommunene så er det stort nok med 5000 innbyggarar.

Reformene har liten verdi så lenge det ikkje blir flytta reelle oppgåver og makt frå staten til fylker og kommuner. Dette må det komme meire konkret på gjennom behandlinga av meldinga på Stortinget, elles er vidare reformprosess vanskeleg å argumentere for.

Endringane hadde hatt større legitimitet ved å starta med rydding i statlege direktorat og etater. Desse har vel også da gått ut på dato, for å bruke kommunalministaren sin eige retorikk? Vi har eit statleg byråkrati som fortset å veksa på bekostning av makt og lokaldemokrati ute i kommunene. Vi har hatt fleire reformar som har bidrege til styrking av sentrale ledd på bekostning av tjenestetilbudet ut til folket. Det siste eksempelet er politireformen der vi har eit politidirektorat som var tenkt drifta med 120 årsverk, dette har i praksis siste årene vore på godt over 300 årsverk. I tillegg til bruk av mange konsulentårsverk. Og finansieringa av dette har vore gjort ved å blant anna å ta midler frå politidistriktene.

Vilja både frå våre kommuner og fylkeskommune er til stades for å gjera vår del av reformarbeidet. Men da treng vi gode argument med reell overføring av makt og mynde for å gjennomføre så store endringar av kommune-og fylkeskartet. Ikkje berre laus tale om at vi nå skal styrke demokratiet og at folk flest skal få auka innflytelse på eiga kvardag.

Nå må regjering og storting også vise vilje til å rydde i sine skap og reelt flytte makt og ansvar frå stat over til kommuner og fylker.           

Odnes Ivar (Sp)

KS-leder i Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags