Lokalt sjølstyre i kommunereformen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.31. mars i år vedtok Stortinget grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre. Dette var ei historisk stadfesting i vår grunnlov om kommunene sin plass i vårt demokrati. Kommunene har sitt utgangspunkt gjennom formannskapslovene som vart vedteke av Stortinget i 1837. Formålet med formannskapslovene var å gje kommunene større lokalt sjølstyre og overføring av makt frå byene og byborgerne og overføring av skattebyrder frå herredene som det heitte då, til byene. Det er interessant å ha med seg når 19 kommuner i Oppland skal gjennomføre folkeavstemming om ein skal fortsetja som eige kommune eller slå seg saman med ei eller fleire nabokommuner.

Bakgrunnen for dette spørsmålet er stortingsmelding 14 (2014-2015) Kommunereform- nye oppgåver til større kommuner. KS sentralt har vore kritisk til manglande vilje til å reelt å overføre nye oppgåver til kommunene. Det er dessverre vanskeleg å finne att styrkingen av lokaldemokratiet slik det står i regjeringserklæringen til dagens regjering om kommunene:

”Kommunene er grunnmuren i det norske demokratiet. Regjeringen vil styrke lokaldemokratiet ved å flytte makt og ansvar til kommunene. Det betyr at folk flest får økt innflytelse over sin egen hverdag og sitt eget lokalmiljø. Kommunene har ansvaret for grunnleggende velferdstjenester, og skal være mest til for de som trenger det mest.”

Dette syner gode intensjoner om å styrke det kommunale nivået sin rolle for å sørge for fortsatt gode velferdstenester for innbyggjarane sine. Det understreker også kva kommunen sine viktigaste oppgåver faktisk er, å gje gode tilbud til folket innafor helse og sosial, undervisning og tekniske tenester.

Debatten som har vore om kommunereformen har i stor grad gått på spørsmålet om størrelse på ei kommune for å kunne vera best rusta både kvalitativt og økonomisk. Noko som er heilt sikkert er at det er vanskeleg å legge ein mal på kva størrelse og inndeling av kommunene våre skal vera på.

Her er kartet svært ulikt både i terreng og folketal.

Våre kommuner i Oppland har gjennom tida vore gode til å tilpasse seg nye oppgåver og krav til sine tenester. Det vil dei også gjera i framtida. Det er ikkje noko nytt nå at kommunene står overfor store utfordringar. Kommunene er sentrale bidragsytarar for at vi som nasjon år etter år vert kåra som beste land å bu i. Her er det mange dyktige kommunetilsette som bidreg kvar dag rundt om på sjukeheimar, barnehage, skule eller på nokon av dei andre tenesteområdene som kommunene har ansvaret for. Nei spørsmålet handlar i større grad om korleis Stortinget vil sørge for at kommunene blir satt økonomisk i stand til å takle nye utfordringar i framtida enn om kvar kommunegrensene skal gå. Og om vilja frå Stortinget til reelt å flytte makt over frå stat til kommunene våre.

19 kommuner i Oppland skal i dei neste vekene ta stilling ved folkeavstemming om størrelse og inndeling for sin kommune. Det er av kommunene utarbeida intensjonsavtaler for dei enkelte alternativene som innbyggjarane har å velge i.

Eg vil på det sterkaste oppmode alle til å nytte sin stemmerett om korleis du meiner din kommune skal sjå ut for best å ivareta lokalt sjølvstyre og din innflytelse som innbyggjar i kommuna for framtida. At flest mogleg gjev sin stemme her vil også gje ditt kommunestyre eit betre grunnlag for sitt endelege vedtak i spørsmålet om din kommune skal fortsetja som eige kommune eller bli ein del av ei større kommune.

Ivar Odnes

KS-leiar i Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken