Kva kom fyrst - kua eller oljen?

Ku på seterferie i Breheimen.

Ku på seterferie i Breheimen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leserbrev

Det er oppsiktsvekkjande og historielaust at vi har ein statsminister som tilsynelatande meiner at kupromp er av dei største klimautfordringane Norge har. I VG den 25.11.2015 varsla Erna Solberg kutt i spesielt to sektorer, landbruk og transport. Innan transport meiner ho teknologien kan ordne det meste, men at det blir verre innan landbruk og for kua.

Dette er oppsiktsvekkjande fordi vi har ein statsminister som ikkje nemner oljeindustrien og dei fossile utsleppa frå den sektoren med eit ord. Det er historielaust fordi i fylgje SSB sine tal er Olje- og gassutvinning den absolutt største utsleppskjelda av klimagassar med ei auke på 78,8 prosent frå 1990 fram til 2014 og ligg på 14,7 prosent av totalen. Det burde legge grunnlaget for eit grønt skifte! Tida er komen for å gå frå det svarte til det grøne karbonet og det skjer ikkje av seg sjølv. Da må det på dagsorden og det må visast vilje til å endre retning. Vi treng ny teknologi innanfor transport, som statsministeren sa, men da i form av teknologi for å nytte det grøne karbonet i større grad til energi som erstatning for det svarte, oljen.

Vegtrafikken sine utslepp av klimagassar har i same perioden auka med 31,1 prosent til 10,2 prosent av det totale i Norge. No har vi akkurat feira jul og vår julehandel satte enda ein ny rekord. Vi er eit forbrukarsamfunn utan sidestykke. Kvifor er ikkje dette noko tema i klimadebatten? Vi importerer alt frå mat, tekniske duppeditter og klede frå heile verda. Vi eksporterer råvarer frå Norge, dei blir foredla i andre land og transportert attende til Norge og butikkane våre. Kvar blir klimagassutsleppa frå transporten som skjer utanfor Norge sine grenser gjort synleg? Luftfarten har også auka sine kvotepliktige klimagassutslepp. Vi, den vestlege verda, flyg som aldri før. Kvifor er ikkje det eit meir omtala tema?

Utslepp av klimagassar frå jordbruk har gått ned med 11,2 prosent mellom 1990 og 2014 og ligg da på 4,4 prosent av totalen. Det blir ein litt merkeleg klimadebatt når statsministeren uttaler at svineribbe er betre for klimaet enn lam og sau. Dessverre er det slik at mykje av kraftfôret som grisen får er basert på importert soya og det er ikkje akkurat stuttreist mat. Derimot for lam og sau blir maten servert ute i skog og fjell. Både sau og ku kan nytte beitemark som ikkje kan nyttast til menneskeføde utan å innom dyra fyrst. At drøvtyggarar som elg, hjort, zebra og andre dyr på vår klode raper og promper er ikkje noko nytt. Det er ein del av det naturlege karbonkretsløpet.

Vi har hatt eit jordbruk i Norge og resten av verda i ca ti tusen år. Altså har kua prompa seg gjennom livet i mange tusen år, men klimagassutfordringane har vi ikkje fått før no. Den industrielle revolusjonen som byrja på 1700-talet har i aukande grad forbrukt både ressursar og energi som vi no ser konsekvensane av.

Det er ikkje kua og sauen som er problemet, men vårt forbruk av det svarte karbonet utan eit bærekraftig karbonkretsløp.

Vi må i større grad erstatte oljen, det svarte karbonet, med skogen, det grøne karbonet. Skog i vekst fangar klimagassar og ved å bruke det grøne karbonet til energi, husdyrfor og andre produkt vil vi kunne få eit kretsløp som er bærekraftig og kua og sauen kan beite i skog, mark og på fjellet som dei har gjort i tusenvis av år.

Altså har kua prompa seg gjennom livet i mange tusen år, men klimagassutfordringane har vi ikkje fått før no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags