Dei 10 bud for kvinner i politikken: 7. Du skal ikkje stele andre sine gode poeng

Aud Hove (Sp), Kari-Anne Jønnes (H) og Jytte Sonne (KrF).

Aud Hove (Sp), Kari-Anne Jønnes (H) og Jytte Sonne (KrF).

Av
DEL

MeningerKvinnedagen den 8. mars er fortsatt ein viktig dag for mange. Samtidig er det mange som meiner at denne dagen berre er tant og fjas.

Vi trur fortsatt det er viktig å markere ein slik dag og minne både seg sjølv og kvarandre på kva vi som kvinner kan og vil. Vi lever i eit land der demokrati og likeverd er ei sjølvfølgje. Slik er det ikkje i alle land og verdsdelar. Vi har land som godtek seksuelle overgrep, tvangsgifting og kulturell og religiøs undertrykking. Vi har land som ikkje slepp stemmer frå kvinner til i samfunnet. Derfor må vi i solidaritet stå opp for likestilling.

Vi er tre kvinner som stiller som fyrstekandidatar ved fylkesvalet 2019. Det er både spennande og skremmande, men aller mest ei utfordring vi ikkje kan takke nei til. Det er viktig at vi som kvinner tek dei posisjonane og sjansene vi kan ta og få for å vere med og forme og utvikle eit samfunn i den retninga vi meiner er bra.

Samtidig ser vi at det er mykje som kan skremme bort både kvinner og menn frå politisk engasjement. Det blir fort påpeikt om du gjer feil, både i tradisjonelle media og spesielt i sosiale media. Derfor er det viktig å støtte opp kvarandre både innanfor eige parti og tverrpolitisk i det politiske arbeidet.

Derfor har vi i høve kvinnedagen før fylkesvalet i 2019 laga «10 bud for kvinner i politikken» til inspirasjon og oppmuntring opp mot valkampen.

1. Du skal tru på deg sjølv

2. Du skal ikkje tru du ikkje kan

3. Du skal tørre å si nei

4. Du skal heie på andre

5. Du skal alltid si det du meiner er rett

6. Du skal dyrke vennskap

7. Du skal ikkje stele andre sine gode poeng

8. Du skal ikkje tale usant om politiske motstandarar

9. Du skal be om hjelp når du treng det

10. Du skal rett og slett tenkje at dette har eg aldri gjort før, så dette klarar eg helt sikkert! (fritt etter Pippi Langstrømpe)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags