Reidun Ramse Sørensen: Har sauen slike vener, har han ikkje bruk for fiendar

På sommarjobb i utmarka

På sommarjobb i utmarka Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kan administrasjonen i Gran kommune heilt på eiga hand tillate inngjerding av eit hyttefelt, når kommunens politikarar har vedteke at hyttene ikkje skal gjerdast inn? Er det grunneigarar som bestemmer ei heilhetleg utvikling i kommunen vår? Er det administrasjonen?

Det strir mot mi oppfatning av maktstrukturen i vårt lokaldemokrati: Politikarane bestemmer, og administrasjonen utfører det som kommunestyret har bestemt. Men denne gjerdesaka aktualiserar ein debatt om det presset våre tillitsvalde og folkevalde er utsett for: Grensene skal tøyast så langt strikken tåler det.

Politisk er det vedtatt enorme område til hytteutbygging på Lygna i Gran kommune, og det er bra å samle hyttene i samanhengande felt! Men - mykje vil ha meir, og grunnaeigar Brandbu og Tingelstad Almenning (BTA) jobbar hardt politisk for å få opna endå eit nytt hytteområde. Foreløpig eitt til skal altså snevre inn jaktterrenget og beiteområda for både ville og tamme beitedyr. Politikarane har trykk på seg for å ete litt og litt av naturen, utan å sjå heile området som vi gjer i Kommuneplanens arealdel. (Arealdelen vart faktisk vedteke få månader før BTA meldte interesse for å ta eit stort jafs til av naturen på Lygna.)

Elg, ku og sau har ei viktig oppgåve i naturen med å halde vegetasjonen nede om sommaren. Dyr som går fritt i utmarka har god dyrehelse, og planter som er avhengige av beitedyra våre, overlever utan at vi treng å passa på. Forbrukarane får velsmakande landbruksprodukt. «Alt heng saman med alt», sa Gro Harlem Brundtland. Det gjeld og i naturen.

Ein kan fundere over kor mange av grunneigarane i BTA som har beiterett for storfe og småfe på Lygna. Å avgrense beiteretten stimulerar ikkje akkurat til god dyrehelse og god landbrukspolitikk. Meiner dyreeigarane det er heilt greit at beitedyra deira blir utestengd med gjerde rundt hytteområdet?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.