Reidun Ramse Sørensen: Klimapositivt hyggeliv på Gammelsætra?

Reidun Ramse Sørensen

Reidun Ramse Sørensen Foto:

Av
DEL

MeningerBrandbu og Tingelstad Almenning (BTA) stiller krav om å få bygge på Gammelsetra, og fleirtalet i planutvalet snudde trill rundt etter valet i september i fjor. Utan at det var nye opplysningar i saka ville det nye planutvalet likevel støtte utgreiing av prosjektet. Kunnskap er det lurt å få, meiner fleirtalet no, for vi kan stoppe prosjektet seinare dersom det ikkje blir bra nok. Tja, veit vi ikkje nok? Kvifor skal fellesskapet og grunneigar bruke ressursar på ny hytteklynge med 100 hytter på Gammelsætra?

Dersom BTA og kommunen skal gå vidare med prosjekt Klimavennlig hytteliv Lygna, må det bli på Gammelsætra, elles blir det ikkje ei utstilling for resten av landet, blir det sagt. Ei ny hyttteklynge på Gammelsætra vil grunneigaren ha no. Men kvifor skulle Gran kommune gje etter for dette kravet, når grunneigaren heilt sidan 2015/2016 har hatt ideen - utan å realisere "miljøvennlig hytteliv" på det enorme arealet som kommunen regulerte til hytteliv på Lygna? Kvifor forlange å få regulert inn nok eit nytt hyttefelt i Kommuneplanens arealdel, som kommunestyret vedtok så seint som 20. juni 2019?

Mindre graving er eit av poenga som blir framheva av BTA. Ein skal bruke eksisterande veg for å sleppe å legge ny veg. Hm, til eit hyttefelt med 100 hytter og vesentleg større slitasje enn eksisterande veg truleg er bygd for. Vil det ikkje tvinge seg fram krav om oppgradert veg når vegen blir nedkøyrd?

Å hente vatn heilt frå det kommunale vatnverket vårt og sende kloakken i røyr heilt ned att til Brandbu vert nesten latterliggjort av grunneigar BTA. Grunneigaren vil kanskje heller bore etter grunnvatn og utstyre alle hyttene med elektrisk pumpe for å hente opp vatn til springen og dusjen? For dersom vatn skal hentast frå det kommunale vatnverket vårt som til dei andre hyttene, må det jo gravast og leggast røyr til hyttene uansett, og det blir ikkje meir graving av å legge kloakkledningane i same grøfta. Tvert imot vil det bli meir maskingraving dersom utbyggar legg inn biodo i alle hyttene og skal grave spreidegrøfter for gråvatnet i myrene nedanfor feltet. Spreidegrøfter for gråvatn var kjend teknologi då eg sat i planutvalet Utval for kultur, miljø og næring, for mange, mange år sidan.

Felles parkeringsplass med ladestasjon for el-bilparken er ein god tanke, men dei fleste vil nok køyre til hytta med varene. Solcellepanel og vindmøller er nemnt for å gjere hyttefeltet sjølvsforsynt med straum. På solrike og vindfulle dagar kan det kanskje vere mogeleg, men det skal mykje straum til ladestasjonen. Overskotsstraum kunne leverast og straum skal kunne kjøpast i periodar. Altså må Glitre Energi Nett bygge straumnett fram til parkeringsplassen og hyttene, anten i luftstrekk eller i jordkabel. Og kva med internett og breiband? Vil det ikkje ganske fort blir stilt krav om breibandtilknytning, slik at familiens ungdom kan tenke seg å bli med på hytta? Tilgang til internett er forresten eit allment krav i dag. Den utviklinga kan vi ikkje skru tilbake.

Teknologien prosjektet vil prøve ut er kjent, er min påstand: Hytter bygd i tre med solcellepanel på taket, biodo, spreidegrøfter for gråvatn. BTA treng ikkje byggast 15 «prototyper» og regulere 100 hytter heilt for seg sjølv for å vise det fram. Det er bare å bygge, dersom ein er sikker på at folk vil ha slike hytter. Eg er slett ikkje der. Eg trur tvert imot at ingen hytter er «klimapositive» i den forstand at ei hytte over tid kan vere i stand til å avgi energi i eit klimarekneskap.

Kva så med generasjonsskifte eller sal av ei lita og klimavenleg eller såkalla klimapositiv hytte? Har kommunen eller utbyggar heimel til å tinglyse ein klausul på alle tomtene om at hyttene ikkje skal moderniserast og ikkje byggast større? Vi har nok av eksempel på at ingenting varer evig: Nye eigarar kjem til å stille nye krav. Kva vil framtidige politikarar svare seinare generasjonar?

Gran kommune har lagt til rette for ein stor hyttelandsby på Lygna. Lygnalia og Lygna er blitt ei flott utstilling for heile Austlandet. Det var også meininga. Her er det anledning til å bygge små og store hytter, samtidig som ein har stordriftsfordelane med felles veg, straumnett, vatn og kloakk. Takk til Leif Kristian Alm i Naturvernforbundet. Han argumenterer godt for at politikarane bør avgrense hyttebygginga til areala som er regulert og viser til tal på kor mange hytter som er oppført og kor mange hyttetomter som er att å bygge på. Øyvind Kvernvold Myhre og ein til hadde gode lesarinnlegg i fjor, og eg er så enig med dei.
La oss ikkje ete opp naturen bit for bit. Nok er nok no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags