Rovdyrforliket - til å leve med

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevI Nationen den 1. februar overleverte ei gruppe biologar eit opprop for å opprette ein nasjonalpark berre for rovdyr. Dei påstår at situasjonen for rovdyr i Norge i dag er prekær, at dei er for fåe og at det ikkje er noko egna område for dei. I oppropet står det "Med dagens rovdyrforvaltning er det all grunn til å tro at konfliktnivået vil auke og det vil bli stadig vanskeligere å forsvare bevaring av levedyktige bestander."

Rovdyrforliket i Stortinget har bestemt ei tosidig forvaltning der rovdyr og beitedyr skal kunne leve i same område. I Oppland, som er Region 3, har vi ansvar for jerv og gaupe. Her har vi gjennom aktiv forvaltning klart å få bestandsmåla opp på det nivået som rovdyrforliket har sagt. Nå det gjeld jerv ligg vi også over bestandsmålet i skrivande stund.

Dette er ikkje konfliktfritt, men at det er grunn til å tru at konfliktnivået her vil auke har ikkje desse biologane noko grunnlag for å seie. Vi har ei konstruktiv og tolmodig beitenæring, vi har frivillige jaktlag som gjer ein formidabel innsats for å ta ut dyr både på lisensjakt og på skadefelling og vi har ei forvaltning som skjønar utfordringane og som tek sitt ansvar for den tosidige forvaltninga på alvor.

Det vil heller ikkje vere konfliktlaust å anten utrydde rovdyra for å reindyrke forvaltninga for beitedyr eller å legge ned all kjøtproduksjon i Norge basert på beitebruk. Som leiar i rovdyrnemnda meiner eg at dei bestandsmåla som er bestemt i dag er til å leve med både for rovdyra og for beitenæringa. At vi må setje inn tiltak når store skadar skjer og bestanden blir for stor, må det bli forståing for i storsamfunnet.

Det blir trekt fram at hiuttak skjer og at det er forferdeleg for kvalpane og for tispa, og dette er noko vil må prøve å unngå. Derfor er det så viktig at vi får ei meir effektiv lisensjakt. Samtidig er det forferdeleg når rovdyr forsyner seg grovt i ein saueflokk og legg att halvdaude og daude dyr. Slik er naturen og til ein viss grad må vi leve med det. Men alt har ei smertegrense og det skal rovdyrnemnda passe på ikkje blir for stor ved å fylgje opp rovdyrforliket som Stortinget har bestemt.
 

Aud Hove

Leiar i rovviltnemnda region 3, Oppland

Følg på: Facebook

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags