Gode nok lærarar

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

AUD HOVE (SP)Rekordmange lærarar, heile 7000, søkte om etterutdanning for skuleåret 2014/2015. Dette er positivt, men skapar også utfordringar i skulekvardagen rundt omkring. Vikarar må settast inn og kreativ organisering av skulekvardagen må ofte til for å få timar og ressursar til å strekke til. Likevel har norsk skulevesen teke utfordringa regjeringa har gjeve dei.

Når regjeringa i neste omgang signaliserer at ein allmennfaglærar med seks års utdanning ikkje er god nok som lærar på ungdomsskulen i faga norsk, matte og engelsk, blir det reagert. Ein allmennlege er ikkje ein spesialisert kirurg, akkurat som at ein allmennlærar ikkje er professor i eit smalt fag. Om ein mattelærar manglar 15 studiepoeng for å nå det regjeringa meiner nivået skal vere på i framtida, kan ein ikkje si at læraren ikkje er god nok til å undervise i skulen i dag.

Innan 2025 kan 38000 lærarar bli «avskilta» som faglærarar om dei ikkje set seg på skulebenken. Dette gjekk alle parti, unnateke Senterpartiet, inn for på Stortinget i juni. Å gje tilbakeverkande kraft på ei utdanning som er fullført med skjerpa kompetansekrav er meiningslaust. Dei som har vore lærarar i fleire år har lang, praktisk erfaring og dei aller fleste, antagelegvis alle, oppdatert seg og teke etter- eller vidareutdanning etter behov. Likevel må dei stille bakerst i køen om dei vil søkje jobb på ein anna skule med dei nye reglane. Da hjelp det ikkje kor god pedagog læraren er! Lærarar er ikkje mot etter- og vidareutdanning, noko søknadstala viser, men dei er mot måten dette er gjort på med tilbakeverkande kraft.

At regjeringa vil setje høge kvalitetskrav for lærarar i framtida er bra, men den kan jo ikkje kaste på båten den utdanninga lærarar allereie har! Ein allmennlærar underviser i mange fag og i Oppland, med spreidd busetnad og forholdsvis småe skular, treng vi desse mangfoldige og flinke allmennlærarane! Senterpartiet vil fremje forslag om reversering av dette i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen i samband med budsjettbehandlinga og håpar at fleire parti ser at dette er feil og vil støtte det.

Aud Hove

Oppland Senterparti

Om ein mattelærar manglar 15 studiepoeng for å nå det regjeringa meiner nivået skal vere på i framtida, kan ein ikkje si at læraren ikkje er god nok til å undervise i skulen i dag.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags