TISA og TTIP bak lukka dører

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevI går, i dag og framover sit Norge kring forhandlingsbordet for handelsavtala TISA, men det er ingen utanfor rommet som veit noko om kva som skjer under forhandlingane. Det er ei avtale om handel med tenester der 51 statar deltak og USA og EU er dei store. Sp og Sv tok opp i Stortinget at dei ville ha informasjon, men vart stemt ned. Stortinget vil ikkje halde seg orienterte om kva som skjer?

Det vi veit er at avtala vil legge til rette for auka konkurranseutsetjing i tenestesektoren og at den vil svekke norsk folkestyre på bekostning av internasjonale selskap. Det er ei storstilt liberalisering utan innsyn. Treng vi det? Etter siste dagars oppslag i media meiner eg vi treng reglar for å styre kapital meir enn å liberalisere dei, både innanfor sal av tenester og varer.

TISA er altomfattande der alle tenester på alle forvaltningsnivå blir påverka. Uruguay og Peru gjekk nyleg ut av forhandlingane fordi dei er redde for tenestene sine og styringa med dei. TISA er bygd opp som ei skralle, eit verkty som berre skrur til utan at du kan skru attende att. Det betyr at eit land ikkje kan reversere liberaliseringa. Vi blir gjort om til reine forbrukarar utan rettigheiter med TISA.

EU og USA forhandlar om eit transatlantisk handels- og investeringspartnerskap; TTIP. Norge deltek ikkje i desse forhandlingane, men for norsk jordbruk og næringar basert på naturressursar kan dette få store konsekvensar.

Dette er "dei rike landa" si handelsavtale som ikkje tek omsyn til dei globale utfordringane men på eigen marknad og profitt. Klima, miljø og folkehelse vil komme i andre rekkje. Det har vi allereie eksempel på når store internasjonale selskap saksøkjer land fordi dei ikkje får gjere som dei vil. Sakene blir handsama i ein privat rett, eit tribunal, som ikkje kan ankast.

Rykta seier at TTIP kan komme til oss gjennom EØS, men dette veit vi altså ikkje. Når vi veit at det er lov med veksthormon, klorvasking av kylling og GMO i USA er det lov å vere skeptisk. "Ei omforeint TTIP-avtale vil føre til ei avvikling av ein siste rest av bondesamfunnet i Europa", sa Merete Furuberge som er leiar av Bonde og småbrukarlaget, på eit folkemøte på Lillehammer 2. april.

Frihandel favoriserer stordrift innan landbruket. Vi ser at større einingar gjev meir gjeld, større smittefare og sårbarheit når noko går gale. Regionalisering og sentralisering svekker landet vårt og utan regulering vil vi få ei storstilt sentralisering. "Kjære vene, la oss jobbe saman", Sa Trond Ellingsbø, leiar av Bondelaget, på same folkemøte.

Eg er så einig. La oss jobbe saman for å få openheit om kva som skjer og la det norske folk få styre over kva som skal skje og kva utvikling vi vil ha. Det handlar om vår felles framtid og da må dørene stå opne!
 

Aud Hove

Nestleiar Oppland Senterparti og fylkespolitikar

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags