13–19 fleire ulv enn i fjor.

Rovdyrdata.no opplyser 1. juni 2017 at vinterens overvaking av ulv påviste 105–112 dyr innafor våre landegrenser. Det er påvist færre heilnorske ulv og fleire ulv i grenserevir, viser status frå Rovdata. 

Det er funne 54–56 ulv med heilnorske revir og 51–56 ulv i grenserevir vinteren 2016–2017. Til saman 105–112 ulvar på norsk side er ein auke på totalt 13–19 ulv, eller cirka 19 prosent, fra 90–93 ulv i fjor vinter. Dei fleste er funne innafor ulvesona og særlig i Hedmark fylke, fortell Jonas Kindberg, leiar i Rovdata. I dag bereknar Rovdata at vi har 430 ulv i Skandinavia.

«Hele ulvebestanden i Skandinavia har sin opprinnelse i fem innvandrende ulver fra den finsk-russiske bestanden, og er svært innavlet.

– I 2016 var den gjennomsnittlige innavlskoeffisienten blant avkom i familiegruppene på 0,23, som er en liten nedgang fra i fjor, men fortsatt på et svært høyt nivå, tilsvarende søskenparringer i en mindre innavlet bestand, sier Øystein Flagstad, genetiker i Rovdata.

Det er ikke registrert noen nye finsk-russiske ulver i bestanden under registreringssesongen 2016-2017.» (Kjelde:www.rovdyrdata.no)

Er innavl genetisk viktig?

Då stiller eg spørsmål ved om denne innavla skandinaviske ulvestammen verkeleg har så viktig genmateriale, at våre skattepengar skal brukast på dei. Slik Ole Brumm-politikk som Stortinget driv no, kan resultere i at bøndene våre må gje opp å avle fram gode beitedyr, for ulven dokumenterar at han forsyner seg heilt vilkårleg av beitedyra våre både på heimebeite og i utmark. Ulven tek ikkje bare dei sjuke og svake byttedyra, som enkelte hevdar. I dag 2. juni er det funne 20 ulvedrepte sau og lam i Gran Østås. 31. mai var det påvist 25 ulvedrepte sau og lam i Hurdal. Beitedyr som overlever ein slik massakre, kan vere biten slik at det går infeksjon og flugemark i såret og må avlivast.

Ein slik Ole Brumm-politikk er ei tragedie for bygdene våre.

Arealkrevjande

I Canada og Russland er det stor, samanhengande villmark der ulven trivst og regulerar bestanden av ville byttedyr. Ulven er slett ikkje utryddingstrua i sitt rette element.

Men her i landet er det rett og slett ikkje villmark nok til at Norge skal huse ulv i tillegg til gaupe, jerv og brunbjørn, meiner eg. Direktoratet for naturforvaltning definerar «villmarksprega naturområde» som område fem kilometer eller meir i luftline frå tyngre tekniske inngrep. I 2008 utgjorde slike områder i Norge 37 tusen kvadratkilometer, av dette låg halvparten i Finnmark fylke. Reknar vi ikkje med Svalbard, er arealet «villmarksprega naturområde» knapt 12 prosent av Norges areal. Sammenliknar vi Norge med Russland, så har Russland over 8 mill. kvadratkilometer med villmark. Vi har ein stor del av villmarka vår i Finnmark, medan dei verna areala her sør er oppdelt i småbitar her og der i nasjonalparkane våre. Arealet er ikkje samanhengande. Men staten har oppretta ulvereservat på grensa mot Sverige, der beitedyra sitt kultiveringsarbeid i utmarka ikkje er ønska av staten. Her er det ulv som skal prioriterast.

Skal vi verkeleg halde fram med å verne desse innavla lystmordarane?