Ungar går kortaste vegen

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eit barn i trafikken er eit levande fareskilt, heilt uberekneleg og rask til beins. Ser eg barn langs vegen må eg som bilførar senke farten så mykje at eg rekk å stoppe om ungen brått spring over vegen, kanskje å møte ein kompis eller klappe ein katt. Ungar er ikkje små vaksne. Ungane vil gå kortaste veg frå A til B, sjølv om det kan vere tryggare å gå ein omveg. Det er den KORTASTE VEGEN som vegeigar bør legge til rette for dei små, der vi veit dei små vil gå.

LES OGSÅ: Fylkeskommunen etter befaring langs skolevegen: – Vi ser at det er fornuftig å gjøre noe

Rundt vår hage i Haugsbakklia ligg det ein fin sti, merka som gang-og sykkelveg, som bind saman Grinakerfeltet, med fotgjengarundergang under Risbakkvegen, via Haugsbakklia til Utsiktsvegen og vidare til Jaren skole. Gangstien vart sikkert planlagt i beste meining som ein trygg skuleveg for ungane på Grinakerfeltet og Haugsbakklia i si tid. Men ingen skuleungar går denne svingete, lange omvegen til skulen. Stien er fin den, men skuleborna går ikkje der. Kvar går dei? Køyrer foreldra dei? Går dei ein snarveg gjennom private hagar, eller går dei langs Risbakkvegen?

Når eg no les at det blir gjort tryggingstiltak for skuleungane ved Trintom, tenk på at ungane kjem til å gå kortaste vegen. Lag ikkje falsk tryggleik med å planlegge ein omveg for ungane. Der kjem dei ikkje til å gå når mor og far ikkje ser dei.

Det einaste som er effektivt som tiltak mot tankelause bilførarar er høge fotgjengarfelt eller fartshumpar.

Fartshumpar er det beste tryggingstiltaket på skulevegen. Lukke til!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken