Du fylgde meg på vegen
opna leet
til stien ut
Gardsvegen
til slettene
bakkane
til heiene og fjella
over breane
tindane
Vi nådde skyene
i lag
dreiv med vindane
var i Himmelen
helsa på Gud
Og forlet Paradiset
fyld av Kjærleik.
Trudde vi

Så kom vi
til grinda
grinda mi
brått sto eg innafor
du kom ikkje lenger
du fann ikkje stø for
føtene dine
ikkje ei hand
tok fatt i deg
ikke ein veg
du fann å gå
til mitt hus,
mi seng
Det var ikkje ditt
vi tala framant mål
Som vi skjølve
ikkje skjøna

Eg såg ikkje lenger
anletet ditt
ikkje eingong
risset av deg
kroppen din løyste seg frå
og kvarv i skodde
Eg vende heim
til einsemda
fann att det eg gjekk ifrå
la meg til kvile
der eg sto opp
og der eg drøymde
OM DEG.