Arrangerer Vinje-markering og konsert

MARKERING: Gunvor Raastad les Vinje på markeringa av 150-årsjubileet til Åsmund Olavsson Vinje.

MARKERING: Gunvor Raastad les Vinje på markeringa av 150-årsjubileet til Åsmund Olavsson Vinje. Foto:

Av

30. juli er det 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje døydde på Granavollen. Det markerer Hadeland dialekt- og mållag og Kirken i Gran.

DEL

Ditt HadelandMållaget hadde planlagt eit større seminar med foredrag, men måtte endre planane på grunn av koronapandemien. I år heidrar vi Vinje med diktlesing av Gunvor Raastad på Vinjes dødsdag 30. juli, før vi får konsert med Marit Wesenberg og Kristin Bjerkerud i Nikolaikyrkja.

– Vi ønsker å sette fokus på det bandet Vinje hadde til Hadeland, seier leiar Reidun Ramse Sørensen i Hadeland dialekt- og mållag.

Ho fortel at opplegget startar med diktlesing og kransenedlegging av mållaget, medan kyrkja har ansvar for konserten.

Wesenberg er kjend som kantor i Gran, medan Bjerkerud er sopran, freelance-songar og cross over-artist, for å nemne noko. Ho har også bakgrunn frå Operakoret og Beat for Beat. På grunn av koronarestriksjonane blir konserten arrangert to gongar samme dag.

Hadde eit sterkt band til Hadeland

– Vinje er ein av dei viktigaste figurane i norsk litteraturhistorie, og bidro til å gi vanlege folk ein plass i litteraturen, seier Sørensen, og visar til verk som Ferdaminni frå sumaren 1860 og diktet Ved Rondane som eksempel.

– Han lukkast med å sprenge grenser og sjå på ting med nye auge, og når han først har eit band til Hadeland, så er det noko vi meiner bør løftast fram, seier Sørensen.

Vinje er kjent både som diktar og journalist og døydde på Presteenkesetet Sjo på Granavollen. Han blei gravlagd ved Nikolaikirka.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags