Else Randi utnemnt til heidersmedlem – Øyvind vann Dialektprisen 2019

DIALEKT-HEIDER: Hadeland dialekt- og mållag har utnemnt Else Randi Kvåle som heidersmedlem og Øyvind Kvernvold Myhre som vinnar av Dialektprisen 2019. Her saman med leiar Reidun Ramse Sørensen.

DIALEKT-HEIDER: Hadeland dialekt- og mållag har utnemnt Else Randi Kvåle som heidersmedlem og Øyvind Kvernvold Myhre som vinnar av Dialektprisen 2019. Her saman med leiar Reidun Ramse Sørensen. Foto:

Av
DEL

InnsendtHadeland dialekt- og mållag har utnemnt Else Randi Kvåle som vår heidersmedlem og Øyvind Kvernvold Myhre som vinnar av Dialektprisen 2019 for Hadeland. Båe fekk fotokunst av Tone Heggelund som synleg bevis. 

Else Randi Kvåle vart heidra for sin organisatoriske innsats og engasjementet for dialektord på nynorsk som ho også brukar når ho skriv. «Det er jo slik vi prater på Hadeland», seier Else Randi.

Sterkare konkurranse hadde Øyvind Kvernvold Myhre hatt om å vinne dialektprisen for i år. Styret har kvart år mange verdige kandidatar, men Øyvind stiller i særklasse. Han vaks opp på Vestre Gran, studerte i Trondheim og har budd i Nittedal og Oslo. Til å begynne prøvde han å tilpasse seg bymålet, seier han, men det slutta han med då han forstod at folk forstod han - om dei ville. «Du har så morsom dialekt!» sa byfolk til han.

I 1997 flytte Øyvind heim att til Grymyr, til sin eigen språkkultur. Sjølvsagt brukar han hadelandsdialekta, kulturspråket som han kan så godt.

«Det er om å gjere å ta vare på mangfaldet i språket. Einsrettinga grip om seg!» seier han.

Ungdommane brukar lite dialekt i skulen, er hans inntrykk. Tenk om dei som talar og er stolte av hadelandsdialekta si, kunne bli gode førebilde for andre unge!

Vi gratulerer!

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags