Jule-countryrock med Byting på Glassheim

Til Glassheim: Byting.

Til Glassheim: Byting. Foto:

Av
DEL

InnsendtHer er det bare å møte opp til et fantastisk live band – dette blir en knall kveld. Byting kommer til Glassheim rock- og kulturscene 28. desember.

Byting er eit folk-rockband frå Telemark som sidan oppstarten i mars 2013 har opparbeidd seg ei solid fanskare rundt om i det ganske land.

Bandet har ei lang rekke svært populære låter og har motatt to gullplater for singlene «spån» og «norske rednecks» samt for debutalbumet «Byting».

Alle låtane Byting spelar er sjølvskrivne og handlar om livets realitetar på godt og vondt. Desse trefte tidleg ei nerve i eit vidt publikum og fekk slik raskt eit stort nedslagsfelt.

Låtmaterialet er basera på ekte, sjølvopplevde eller gjenfortalde historier, og blir sunge på klingande bøheringdialekt, akkompagnert av kraftig el-gitar og fele, dobro og mandolin.

Heilt sidan oppstarten har Byting hatt ein svært travel kalender med spelejobbar over heile landet. Debutalbumet «Byting» blei sleppt i 2015 og allereie i 2016 var den talentfulle gjengen klare med oppfølgjaren «Livets galleri». Fyrstealbumet var inne på VG-lista i to månadar. «Livets galleri» blei mellom anna meldt i Under Lupen i Norsk på norsk på NRK P1, med terningkast 5. Her sa Finn Ulrik Berntsen mellom anna «En skikkelig fin og gjennomført plate som fortjener et stort publikum.»

Våren 2016 var Byting medverkande i den nye dokusåpa «Norske Rednecks», som blei sendt på tv-kanalen MaxAX. Byting produserte musikken til serien og vokalist og låtskrivar Thomas Hellekås var den syngande forteljarstemma gjennom heile sesongen.

Namnet Byting, for dei som måtte lure på det, kjem av gamal overtru om at om du fekk ein unge med tydlege lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. I dag blir uttrykket ofte bruka om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill.

Bandet jobbar nå med sitt tredje album og ein forsmak på dette blei slept på ein ep med tittelen «sladrehank» våren 2018.

Byting fortset samtidig med å turnere landet rundt for å dele den gode musikken og den glade stemninga. Eit av høgdepunkta denne hausten er konserten i Oslo Spektrum 9. november sammen med DDE, Postgirobygget og Loveshack.

Byting består av: Thomas Hellekås (vokal/gitar), Terje Schrøder (gitar og fele), Stian Dalen (gitar, dobro, mandolin), Syver Fossen (bass), Geir Ormøy (trommer).

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags