Ein æra er over på Presteenkesetet Sjo

Elin Mathisen i Stjernerommet.

Elin Mathisen i Stjernerommet. Foto:

Av

Jubileumsåret for Aasmund Olavsson Vinje markerte avslutninga på dei populære kulturkveldane på Presteenkesetet Sjo.

DEL

InnsendtDet gjekk eit sus gjennom tilhøyrarane då Elin Mathisen fortalde dette i innspurten på Vinje-jubileet 2018 i Gran. I to generasjonar har no vertsfolket på Sjo invitert litteratur- og musikkinteresserte hadelendingar til å kome saman om kulturarven vår.

Difor vil Hadeland dialekt- og mållag takke Elin Mathisen og Ragnar Torbergsen for ein framifrå innsats som kulturformidlarar på Presteenkesetet Sjo.

Her er vi teke imot med kunnskap og varme! Elin og Ragnar har ommøblert heimen sin kvar gong for vår skuld. Dei har hatt mange turar opp den tronge trappa til andre etasje med prostinne Lassen si harpe i armane, bord og stolar frå stoga og ned att med stablestolar til publikum.

Vi minnest også at vår heidersmedlem Jon Løyland samarbeidde så godt med førre generasjon, Elins foreldre «Mosse» og Stein Mathisen.

Foreldra hennar tok opp tradisjonen etter prostinne Dorthea Lassen og inviterte bygdefolket til kulturkveldar, og i andre etasje vaks det fram ei eineståande Vinje-samling som er spennande å studere for gruppene som framleis vil få omvising og foredrag i Vinjerommet, der Aasmund Olavsson Vinje døydde.

Mosse og Stein Mathisen restaurerte Presteenkesetet Sjo til den kulturhistoriske perla huset er i dag. Heldigvis har Elin og Ragnar tatt ansvar og samarbeider godt med riksantikvaren, foreløpig i 33 år. Det er ikkje billig å eige freda bygg.

Som innflyttar frå Valle, budde Jon Løyland på hybel i Kommunehuset då han kom til Gran som lektor og inviterte til den første dokumenterte minnehøgtida ved grava til Aasmund Olavsson Vinje 17. mai 1964.

Det vart ein tradisjon å spasere til Presteenkesetet Sjo etter minnehøgtid og frukost 17. mai morgon og samlast til foredrag i Vinjerommet. Her vart Stein Mathisen tildela den første Aasmund Olavsson Vinje-prisen av Jon Løyland 17. mai 1994. Jon var i mange år leiar for laget som då heitte Hadeland bygdelag, og Vinje-prisen var eit samarbeid mellom bygdelaget og Vinje kommune.

Dagen etter refererte Tore Tangen i avisa Hadeland: ... «Rett og riktig var den første diplomen gjeven Stein Mathisen som hadde røkta vel om Vinjeminnet og opna heimen sin for dei som verdset å sjå staden kor Vinje fann dei siste dagane sine.»

I dag er det vi som vil takke kulturberarane Elin Mathisen og Ragnar Torbergsen. De har eit stort nettverk med gode vener i kulturlivet og har gitt oss så levande kultur- og historieformidling! Tusen takk.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags