Ringerike gjennom 1200 år (og vel så det) i Jevnaker historielag

PARTI AF HÖNEFOS: F. Larsen efter fotografi.

PARTI AF HÖNEFOS: F. Larsen efter fotografi.

Av
DEL

InnsendtKvifor stod Ringerike så sentralt i Noreg under vikingtida? Det var eitt av dei mange spørsmåla som lokalhistorikaren Gudmund Bakke drøfta på møtet i Jevnaker historielag tysdag 6. november. Eit viktig stikkord i svaret på akkurat dette spørsmålet er kongsætta.

Dei gamle norske kongane ætta i stor grad frå Ringerike. Det er ikkje utan grunn at Hole – ein del av landskapet Ringerike – har fire kongekroner i kommunevåpenet. Den fyrste krona er for Halvdan Svarte, som ifølgje Snorre budde på Stein gard, og var far til Harald Hårfagre. Den andre krona er for småkongen Sigur Syr, som truleg også budde på Stein; han var far til Harald Hardråde og stefar til Olav den heilage. Den tredje krona er for Olav den heilage, som var tippoldebarn av Harald Hårfagre, og den fjerde for Harald Hardråde.

Gudmund Bakke trekte som vanleg fullt hus i Drengestua på Jevnaker prestegard. Dei som prøvde å telje frammøtte, hamna på eit tal rundt 70. Den fyrste delen av føredraget handla om Ringerike i vikingtida, og då blir Stein gard med den store Halvdanhaugen viktig. C14-dateringar viser at haugen er frå 300–400-talet, så dersom Halvdan Svarte er hauglagd der – eller i det minste hovudet, om vi skal tru Snorre – så vart han lagd i ein eksisterande haug. 300–400-talet har òg vore ei stor tid på desse kantane, for langhuset på Veien er frå den same tida.

I neste del av det fem kvartér lange foredraget snakka Bakke om historia til byen Hønefoss. Den fyrste gongen Hønefoss vart nemnd i historia, var i eit diplom frå 1337, som Veiginfossane. Der står det at prestane ved Mariakyrkja i Oslo har rett til hogst i «Væighini mork» (Veiginmarka eller Veiginskogen) for å setje i stand mølla si i «Væighini fossar» (Veiginfossar). Veigin er det gamle namnet på garden Veien, som er nemnd hos Snorre. Det er vatn og tømmer som har skapt Hønefoss. Den fyrste saga kom i 1590, og i 1680 var Hønefoss den største industristaden i landet, med 23 sagbruk. Bystatusen kom i 1862, då heile byen låg på Nordsida. Vi fekk også morosame historier frå 1964, då Hønefoss, Hole, Norderhov, Tyristrand og Ådal blei slegne saman til storkommunen Ringerike – som blei litt mindre då Hole gjekk ut att i 1977.

Deretter gjekk turen inn på Krokskogen, og vi fekk ei interessant forklaring på korleis store delar av Krokskogen og Nordmarka hamna på hendene til nokre få «skogbaronar». Frå gamalt av var desse store skogane såkalla allmenningar – område som ingen eigde og som ikkje vart utnytta. Men «alle menn» – det vil seie heile befolkninga – hadde bruksrett. Slik var det fram til tidleg på 1800-talet, då Stortinget vedtok at allmenningane skulle seljast. I perioden 1816–23 blei dette gjennomført, og skogen blei fordelt mellom gardane etter storleiken. «Skogbaronane» bygde seg opp seinare på 1800-talet, då mange bønder selde unna område som låg for langt frå garden til at dei kunne nyttiggjerast.

I den fjerde og siste delen fortalde Gudmund Bakke om «Hattemakarkrigen» i 1851 – ei dramatisk hending både lokalt og nasjonalt. Marcus Thrane (1817–90) og kona Maria Josephine (1820–62) budde året 1847–48 på Modum og dreiv skule for borna til funksjonærane ved Blaafarveværket, og såg all nauda blant arbeidarane i området. 27. desember 1848 stifta Marcus Thrane den fyrste arbeidarforeininga i Drammen, og nye foreiningar voks snart fram oppover Drammensvassdraget.

Thrane kom til Hønefoss i april 1849, og då blei den fyrste arbeidarforeininga stifta der. Dei to hovudkrava til desse thranittiske arbeidarforeiningane var allmenn stemmerett og lik skule for alle. Ein sentral person i arbeidarforeininga på Hønefoss var den radikale hattemakaren Halsten Knudsen (1805–1855), som under eit arbeidarmøte på Bygdøy – det årlege «Lilletinget» – var mellom dei som gjekk inn for bruk av makt dersom arbeidarforeiningane ikkje fekk gjennomslag for krava sine. Vedtaka på Lilletinget uroa styresmaktene, som frykta revolusjon. Snart vart Thrane og andre arrestert.

Aksjonane mot arbeidarforeiningane førte til bråk på Hønefoss. For å gjere ei lang og dramatisk historie kortare enn det som rimeleg er, blei Halsten Knudsen arrestert, lensmannen hadde ikkje kontroll over utviklinga, og tilkalla soldatar frå Christiania. Det enda med arrestasjonar, rettssaker og lange fengselsstraffer for fleire, mellom anna Knudsen. Thranittarrørsla blei knust. Knudsen døydde i fengselet. Thrane slapp ut av fengselet i 1858, og emigrerte til USA fem år etter, då han såg at det ikkje lenger var mogleg å få i gang arbeidarforeiningane att. Folk var skremde.

Vi takkar Gudmund Bakke for eit svært engasjerande, underhaldande og innsiktsfullt foredrag.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags