Gå til sidens hovedinnhold

Fartøyvernprosjektet MS Brandbu

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den 4.9.2021 markerte Randsfjordmuseet og MS Brandbus Venner ferdigstillinga av restaureringa av MS Brandbu med ei flott tilstelling ved fartøyet sin liggjeplass i Røykenvika. Deltakarar i prosjektet, av alle slag, fekk rikeleg med lovord. Vel fortent.

I den aller første fasen av verneprosjektet hadde eg høve til å betrakte nokre trekk frå kulissene. Derfor kan eg her leggje til litt om dei første trekka i prosessen - slik eg opplevde den.

Det var Georg Jensen på Hamar, med bakgrunn frå Norsk Veteranskibsklub, som tok initiativet. På gjennomreise la han merke til MS Brandbu for anker i Røykenvika. Han såg med ein gong at der låg et fartøyvernprosjekt som burde førast vidare. Jensen tok kontakt med Per Inge Høiberg på Kapp, styremedlem i Norsk Forening For Fartøyvern. Dei vart fort samde og tok kontakt med Riksantikvaren.

Etter ei tid kom det i stand ei synfaring om bord i MS Brandbu i Røykenvika. Sentrale deltakarar var fartøyeigar Roar Sundt og Alexander Ytteborg frå Riksantikvaren. Sundt signaliserte at han ikkje hadde så mykje meir å gi i vern av fartøyet. Han såg føre seg å kunne gi det frå seg til dei som ville føre arbeidet vidare.

Noko seinare vart det halde eit møte i forsamlingslokalet på Nes. Alexander Ytteborg og Mari Søbstad Amundsen frå Riksantikvaren deltok. På møtet var det stor semje om å skipe ei venneforening for MS Brandbu. Randsfjordmuseet kom fort inn i bildet som ny eigar av fartøyet. Med det var den vidare verneprosessen i gong.

Roar Sundt overtok MS Brandbu i 1979. Det var seks-sju år før Norsk Forening For Fartøyvern vart skipa. Med andre ord: Roar Sundt - ein fartøyvernpioner.

Kommentarer til denne saken