Innlandet fylkesting har vore samla denne veka, og eg vart kalla inn som vara for Arbeidarpartiet. Det er lenge sidan sist, og etter den heftige fylkestingsdebatten heime i Gran, slo det meg at Gran eigentleg er godt representert på tinget. Denne gongen var vi tre; dei to faste representantane Pål-Arne Oulie og Anne Marte Skari frå Senterpartiet og eg frå Arbeidarpartiet. Av 57 representantar frå 46 kommunar var vi tre folkevalde frå Gran.

Ved starten av perioden hadde veljarane i fylket valt inn fire faste representantar frå Gran. I tillegg til Senterpartiets to, var Kari-Anne Jønnes (Høgre) aktiv til ho vart vald inn på Stortinget midt i perioden og Kari Pettersen (Arbeidarpartiet) til ho vart innvilga fritak av fylkestinget i desember 2021.

I dag er det ti politiske parti som er representert i Innlandet fylkesting. Tonen representantane imellom er sakleg og hyggeleg, men klar tale framhevar det prinsippielle som i viktige saker dreg opp skiljelinene partia imellom.

No er nominasjonsprosessen i full gang. Partia vil fremme dyktige, erfarne og kunnskapsrike kandidatar som vil løfte partiets prinsippielle verdiar og vere i stand til å finne gode løysingar for fylket vårt. Til Innlandet Arbeiderparti har kommunepartia våre nettopp meldt inn sine forslag til kandidatar for neste fireårsperiode. 

Har du hug og høve å bidra med erfaring og kunnskap inn i styringa av fylkeskommunen? Då bør du skunde deg å tipse det partiet som er nærast dine verdiar.