Gå til sidens hovedinnhold

Forfattarmøte i Langgutua

«Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» opna fredag 4. juni, på sjølve gebursdagen til vår lokale lyrikar Terje Johanssen (1942-2005).

Ditt Hadeland

I Gran bibliotek fekk vi besøk av forfattarane Tove Nilsen og Edvard Hoem som fortalde om og las utdrag frå dei siste bøkene sine. Styringsgruppa for Terje Johanssen-dagane inviterer alltid kjende og kjære forfattarar til det hadelandske publikum.

Eller som Tove Nilsen sa det: Når Ellinor Kolstad ringer er det ingen forfattar som seier nei til henne. Tove Nilsen fortalde korleis ho hadde jobba med boka Den eneste broren. «Leif» vaks opp i Damehuset, omgitt av kvinner, jenter, fiskarkoner og sjømannsenker. Krigen kom og snudde opp ned på kvardagen hans. Forfattaren skildrar så godt familielivet, syskenkjærleiken og familielivet i denne romanen. Ho varsla at ho ikkje er ferdig med «Leif» og vil skrive ein oppfølgjar.

Lieberg Stieng på fele

Før Edvard Hoem slapp til, spela vår eigen musikar Sigve Lieberg Stieng frå Moen, tre melodiar på fele. Sigve hadde lese Felemakaren på førehand og funne melodiane han ville spele. Edvard Hoem sette stor pris på den vene felemusikken som knytte dei rette tonane til boka hans. Hoem gav oss innsyn i slektshistoria si gjennom «Felemarkaren», der han skildrar korleis slektningen hans lærde seg handverket i fangenskap og avsluttar med korleis han endeleg gav ifrå seg framgangsmåten.

Etter foredraga stilte publikum seg i kø for å få kjøpt bøkene med personleg helsing frå dei to populære forfattarane, og forfattarane skreiv så blekket spruta.

Laurdag ønska Audun Vinger velkommen til poesivandring opp Langgutua, som far hans Terje Johanssen gjekk så ofte og skildra så fint i diktet «Opp Langgutua». Nede ved Fagerlund barnehage las forfattar Leif Harald Høghaug for oss, før 24 av tilhøyrarane tok fatt på bakkane. Under blømande hegg og i nydeleg sommarvêr var vandrarane lette på foten oppover. I pustepausane oppover las skodespelar Martha Kjørven dikt av Terje Johanssen, og forfattar og psykolog Joanna Rzadkowska las sine eigne dikt. Desse to damene sette også farge til poesien inne i kyrkja, mellom stemningsfulle jazztonar frå saksofonist og operasongar Håkon Kornstad. Men først hadde vi alle fått ein hyggeleg prat på kyrkjebakken med kortreist mat og drikke frå Bitten Nesbakken. Inne i ærverdige Sct. Petri vart vi fylde av høgtid, med jazzkonsert og poesi.

Ni år

I år er det ni år sidan dei første Terje Johanssen-dagane vart arrangert. Bitten Nesbakken hadde då vore kyrkjetenar i mange år og var blitt glad i Terje Johanssens diktsamling «Sct. Petri, En steinkirke på Hadeland, Dikt for en pilgrim» som kom ut i 1995. Diktsamlinga bruka ho å lese frå i fleire samanhengar. Ein ide tok form hos Bitten: Kunne ho finne nokon som kunne samarbeide om å invitere til poesidagar i Langgutua og i Sct. Petri - til minne om vår lokale lyrikar? Ho tok kontakt med Ellinor Kolstad, og dei to lufta idéen for enke etter Terje Johanssen, Marit Vinger, som også tende på idéen og gav sitt samtykke.

Damene fekk med seg fleire og inviterte til dei første Terje Johanssen-dagane rundt 4. juni 2012. Dei årlege arrangementa våre er bygd opp rundt diktsamlinga «Sct. Petri, En steinkirke på Hadeland, Dikt for en pilgrim».

Tusen takk til kunstnarar og publikum som gjorde litteraturfestivalen så vellukka!

Neste år har vi jubileum. Styringsgruppa for Terje Johanssen-dagane er sett saman av Audun Vinger, Ellinor Kolstad, Arnfinn Nilsen, Bitten Nesbakken og Reidun R. Sørensen. Neste år vil styringsgruppa invitere til nye litterære møte, med song og musikk som bind litteraturen vår saman.

Kommentarer til denne saken