TV-program om Vinje med innslag fra Gran

PÅ NRK: Aasmund Olavsson Vinjes liv og virke kjemp på NRK 1. juledag, med innslag frå Gran.

PÅ NRK: Aasmund Olavsson Vinjes liv og virke kjemp på NRK 1. juledag, med innslag frå Gran. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

1. juledag viser NRK programmet Vinje Rockar, der sjåarane og får innslag frå Granavollen.

DEL

Dokumentaren om Aasmund Olavsson Vinje er 39 minuttar langt, og markerer slutten på Vinjejubileet.

Det er 200 år sidan O.A. Vinje blei fødd, og det har vore markert ei rekkje stader over heile landet i løpet av året.

Opptaka til NRK- programmet vart gjorde lokalt i sommar i Vinje, Eidsbugarden, Vang, Gran, Oslo og Høydalsmo. 

Medarbeidarar frå tre av NRK sine distriktskontor har vore med å lage programmet, heter det i en pressemelding om programmet.

Kva er det som gjer at denne mannen ikkje går av moten? A.O. Vinje har fått ein eigen rockefestival kalla opp etter seg, og dei unge meiner at Vinje framleis rockar.

I programmet tek Linda Eide oss med på ei reise i fotefara til denne særmerkte mannen som framleis er ei gåte. Livet til Vinje var som ein gresk tragedie, seier Olav Vesaas.

Me dreg til heimkommunen Vinje, til Jotunheimen, til Oslo, og til Gran på Hadeland der Vinje ligg gravlagt, heter det i pressemeldingen.

I programmet prøver Linda Eide å finne svar på gåta A.O. Vinje. Kven var han, og kva forma han? Sjåarane blir med på ei vandring i diktaren og journalisten sine fotefar frå  vogge til grav.

Olav Vesaas, Aasmund Nordstoga, Solbjørg Kvålshaugen, Eirik Høyme Rogn, Elin Mathisen og ungdommar på Vinjerock fortel om sitt tilhøve til Vinje.

Artikkeltags