Gå til sidens hovedinnhold

Godt frammøte på Rudsætra søndag 29. august

Mellom 60 og 70 hadde tatt turen til Rudsætra ved Harestua søndag 29. august.

Ditt Hadeland

Veterandagen på Rudsætra i juni har dei to siste åra blitt avlyst på grunn av pandemien. Rudsætras Venner syns det var hyggeleg på nytt å kunne invitere til sal av nytrekt kaffe og nystekte vaflar samt foredrag i strålande sommerver.

Leiar av Rudsætras venner, Knut Hovind ønskte velkommen. Kari Mack introduserte foredragshaldaren i år, Kristian Bergsund frå Bagn i Valdres. Han fortalte om krigshandlingane i Bagn under 2dre verdskrig. Bergsund viste også fram gjenstandar som var brukt under krigshandlingane for 80 år sidan.

Den 18. april 1940 marsjerte 1600 tyske soldatar inn i sentrum av Bagn i Sør-Aurdal. Der ble dei møtt av 500 norske soldatar. Tyskarane lei her eit av sine største tap i Norge under 2dre verdskrig. 157 tyskarar og 17 nordmenn mista livet. I løpet av dagane krigshandlingane i Valdres gjekk føre seg mista over 300 soldatar livet - 46 av dei var norske.

Bergsund fortalte levande om kampane ved Bagnsbergatn gard. Tyskarane okkuperte garden og tok 25 sivile til fange. Tyskarane blei nedkjempa av norske soldatar medan dei sivile var innesperra. Berre ein av dei sivile blei drepen. I fleire av bygningane er det synlege spor etter kamphandlingane i 1940. Bagnbergatn gard er foreslått freda som krigsminne slik Rudsætra blei i 2016.

Kristian Bergsund har ein stor del av æra for at Bagnsbergatn har vore så godt teke vare på. Han har i over 35 år på frivillig basis drive haldings- og informasjonsarbeid med utgangspunkt i Bagnsbergatn.

Kommentarer til denne saken