Gå til sidens hovedinnhold

Hadeland dialekt- og mållag har hatt årsmøte

Ditt Hadeland

Fordelen med digitale møte er at vi slepp å gå ut av huset, og det digitale frammøtet på årsmøtet var svært bra. Årsmelding og rekneskap viste eit arbeidssamt år, der ulike styringsgrupper planla to gonger både poesikonsert med Hildegun Riise i Grymyr kyrkje og «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestival på Hadeland» som vi først måtte avlyse men seinare kunne gjennomføre utpå hausten.

På litteraturfestivalen var Dag Solstad blant gjestene på Folkvang. Dagen etter starta med at Gerd Nyland las eigne dikt for vandrarane. Diktet «Langgutua», som Gerd skreiv etter den aller første poesivandringa i 2012, var den beste pangstarten vi kunne få på vandringa oppover, i regnet.

Les også

I jøtt godt gjenge!

Det store seminaret i april «Vinje i ei ny tid», måtte vi avlyse. Det lot seg ikkje flytte. I staden inviterte vi fleire av foredragshaldarane til å skrive ein artikkel i media om det temaet dei skulle ha tala om på seminaret. Vår eigen Rolf Theil skreiv i Klassekampen, Tora Aasland skreiv i Nationen og Karsten Alnæs skreiv i Telemarksavisa.

Etter avtale med avisene vart artiklane publisert 30. juli, på dagen 150 år etter at A. O. Vinje døydde på Presteenkesetet Sjo. Same dag markerte vi Vinje ved grava. Der las Gunvor Raastad dikt av Vinje og la ned krans, før alle tilhøyrarane gjekk inn i Nikolaikyrkja til den første av kveldens to flotte konsertar om Vinje og Grieg, som kyrkja i Gran arrangerte.

Heile årsmeldinga kan du finne på nettsida vår.

Les også

Poesikonsert i Grymyr kirke

Arbeidsprogrammet avrundar året vi er inne i, med planlagt presentasjon av dialektbok for Hadeland, som redaksjonskomiteen tok til å jobbe med i fjor. Då vi hadde årsmøte, var heile 14 hadelendingar i full gang med å digitalisere oppslagsorda Bjørn Liaklev har samla.

Det er eit viktig, morsamt og lærerikt arbeid. Her vil vi finne ord som er i dagleg bruk - og ord som ikkje lenger er i bruk fordi arbeidet i dag blir gjort på andre måtar og med heilt andre reiskapar. Hadelandsmålet er vi stolte av. Det er ein del av vår lokale identitet; eit verdifullt immaterielt kulturminne som lever så lenge dialekta vår er i bruk.

Etter årsmøtet er styret sett saman slik: Leiar og skrivar Reidun Ramse Sørensen, nestleiar Vemund Viken, kasserar Einar Raastad, styremedlemmer Torill Nedberge Klevmark og Inger Marie Højfeldt (ny), vara Gunvor Kjendlie og Øystein Stensæter (ny).

Les også

Torun Sørli fikk dialektpris lørdag: – Det var jøtt morosamt

Kommentarer til denne saken