Halldis Aalvik Thune: Blå-skimrande og skugge-laus juni-natt

Foto:

Av
DEL

DiktEg har vandra i

syrinblå juni-natt.


Høyrt siste måltrosten

syngja sin lengt

attum blømande

rogn og hegg.


Eg har vassa over

vollar og slåtteeng

attved bortgløymde

tufter frå farne tider.


Bøygd syrinklasar

mot andletet og

anda inn dåmen frå

barndomslandet.


Vassa i legghøgt junigras

vått etter regnylja

i middagsleite.

Kjent tjøreblom

hanga ved fingrane mine

i botnlaus sumareng.


Møtt notti og sett

hennar slør av svevn

koma over

himmelkvelven.


Høyrt stilla hennar

kløyvast av den

fyrste trillande tonen

frå fuglen


mot dagsljoset

si spede strime

i aust.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hadeland! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags