Gå til sidens hovedinnhold

Hva skjer?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hadeland dialekt- og mållag ber om å få tilbake spalta «Hva skjer».

Etter at landet stengde ned i mars 2020, er det ikkje enkelt å fange opp kva for arrangement ein gjerne skulle vore med på. Ein må nesten følgje med på FB-sidene til kvar enkelt arrangør, og det kan bli tilfeldig kva vi får med oss. Difor høyrer vi det er mange lesarar på Hadeland som no saknar spalta Hva skjer i avisa vår.

Spalta vart heilt borte då landet stengte ned. Men no kan endeleg kulturlivet køyre med full kapasitet att. Bra! No treng vi kulturkalenderen «Hva skjer»!

Spalta var eit nyttig verktøy for friviljuge lag og foreningar. Når vi planlegg nye arrangement er det viktig for oss å sjekke ut om tidspunktet vi vurderar vil kunne kollidere med konkurrerande arrangement. Det er ikkje lett når vi må søke fleire stader. Som lesarar vil vi i Hva skjer-kalenderen kunne følgje med på kva det mangslungne kulturlivet på Hadeland byr på – no som kulturlivet så smått kjem ordentleg i gang att.

Difor har vi no bede Amedia utvikle og tilby sine aviser ei slik spalte. Hadeland dialekt- og mållag håper at fleire lag og foreningar vil be om det same. For – ja – Hadeland har eit myldrande kulturliv, når vi berre finn det.

Kommentarer til denne saken