Gå til sidens hovedinnhold

I jøtt godt gjenge!

Hadeland dialekt- og mållag vil gje ut bok om hadelandsdialekta i år. Vi baserer ordboka vår på Bjørn Liaklev sitt arkiv over ord og uttrykk. Som mange kjenner til, var han den sjølvsagte vinnar av den aller første «Dialektprisen for Hadeland».

Ditt Hadeland

Det var stor stas då leiar Ole Gunnar Monsen gav diplomen til lektor Bjørn Liaklev under frukosten på Granavolden Gjæstgiveri 17. mai 2007, sjå bilete.

To journalistar frå avisa Hadeland dekka hendinga og skreiv ein fyldig artikkel i lokalavisa vår.

Skal digitalisere

Liaklev har gjennom eit langt liv samla om lag 3000 kartotekkort som vi scanna før jul. No er 13 frivillige «jøtt» godt i gang med å dokumentere samlinga hans. I desse koronatider har vi ei meiningsfylt oppgåve vi kan utføre heimanfrå. Det er eit nitidig arbeid og meir arbeidssamt enn dei fleste av oss såg føre oss. For i tillegg til å gje ut boka, vil redaksjonskomitéen legge til rette for seinare digitalisering av samlinga. Då kan språkforskarar, studentar og kven som helst søke på ord i den elektroniske ordlista vi lagar. Då vil vi kunne søke både på dialektordet og på eit tydingsord andre vegen, dersom ein vil vite om eit nynorsk- eller bokmålsord har eit tilsvarande ord i hadelandsdialekta. Vi skal ha med korrekt IPA-lydskrift, slik at forskarar og studentar kan lese seg til korleis dialektorda våre bli uttala.

Les også

De skjønner den godt, men bruker den lite selv. Nå tror elevene at hadelandsdialekten vil forsvinne

Rolf Theil er leiar for prosjektet. Han er professor emeritus frå Universitetet i Oslo, språkforskar og busett på Jevnaker. Han har mange jern i elden men rydda plass i kalenderen for å hjelpe lokallaget sitt med å få realisert bokprosjektet vårt. Denne gongen er det ikkje romani eller eit afrikansk stammespråk han skal sette i system - det er vår lokale dialekt. Det hadde ikkje blitt bok utan Rolf. Med seg i redaksjonskomitéen har han Bjørn Liaklev, Grethe Bøe og Reidun R. Sørensen som er styrets forlenga arm inn i prosjektet. Vemund Viken, Torill Nedberge Klevmark og Einar Raastad i styret heiar på oss alle saman!

Dialekt er identitet

Dialektene våre er levande, immaterielle kulturminne og er ein viktig del av identiteten vår. Så lenge hadelendingen er stolt av dialekta vår, talar hadelandsmål til dagleg og lærer det bort til dei yngre, vil dialekta leve vidare. Skjer ikkje det, vil dialekta vår døy og bli eit daudt, immaterielt kulturminne. Har du tenkt over det?

Redaksjonskomitéen håper at boka vår vil få fleire hadelendingar til å bli stolte av dialekta si. Vi høyrer kor stolte folk frå Ringsaker og Toten er av talemålet sitt. På same måte har hadelendingen all grunn til å vere stolt av målet sitt. Vi håper boka vil vekke ny interesse for vår lokale dialekt, skape diskusjon om kva som er «rett» uttale og inspirere hadelendingen til å ta i bruk ord som kanskje er på veg ut. Vi har trua!

Les også

Det er elleve år siden disse bildene ble tatt. Men hvor ble de lokale ungdommene av, og hva gjør de nå?

Vi har fått gode råd frå Terje Randen i lokalavisa Fjuken, som i samarbeid med lokale historielag og mållag i november 2020 gav ut «Målet i Lom og Skjåk» i andre utgåve, no supplert med 1500 «nye» ord og uttrykk og finansiert ved hjelp av Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Mange bidrag

Innhaldet røpar vi litt av: I tillegg til ordlista vil vi få forskaren si analyse av hadelandsdialekta. For å spegle at språkutviklinga har ført til stor variasjon mellom bygdene, har vi invitert eit utval skrivekyndige hadelendingar til å skrive eit bidrag til boka på talemålet sitt. Gunvor Raastad seier at vi før i tida kunne høyre om samtalepartnaren kom frå Tingelstad eller frå Bleiken, og vi høyrde stor forskjell på folk frå Harestua og Bjoneroa! Så kom tida då «vi la ifrå oss dialekta på toget» som Solveig Heggen frå Jaren, så treffande uttrykker det. Knoting har vel dei fleste av oss vore nøydde til i ein periode. I boka vil vi kunne lese eksempel på korleis bymålet har påverka talemålet.

Får vi det til, vil vi intervjue elevar ved Brandbu barneskole, som i fjor forska på bruken av hadelandsdialekta. Funnet desse elevane gjorde i intervjua sine, var nedslåande. Mellom anna fann elevane at færre yngre enn eldre i utvalet dei intervjua, brukar konkrete dialektord til dagleg. Men elevane skal ha ros for interessa og for prosjektet.

Det er så inspirerande å arbeide saman med dei frivillige vi er så heldige å ha med på laget! Eg let Anne Lise Jorstad representere innsatsviljen hos alle saman: Ho skriv mellom anna: «Jeg nærmer meg, raskt, slutten på min bokstav, nå. Det er morsomt. Jeg fortsetter gjerne med ytterligere registrering.»

Kommentarer til denne saken