Argument for å løyse opp Innlandet eller ikkje lyser mot oss i alle media om dagen. Aldri har vel folk vorte så bevisstgjorde om kva ei fylkeskommune er. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko heiter det. Slik også i denne saka.

Interessa for fylkesnivået heldt på å sovne inn i befolkninga, som noko fjernt og uinteressant. Vi har levd i ein fylkeskommunal siesta og det var på høg tid å få litt fylkeskommunal vitalisering. Kanskje vi no får ei større interesse og eit engasjement for korleis dei fylkeskommunale milliardane blir fordelt rundt om i regionane og kommunane? På vidaregåande skule, samferdsel, utvikling, næring og kultur for å nemne noko.

Men, kva argument skal vi tru på? Kva argument som er best, er kva argument den enkelte meiner tener samfunnet på lang sikt. Vi kan vektlegge forskjellig og bør ha forståing for kvarandre sin ståstad, sjølv om vi ikkje heile tida forstår den politiske ideologien bak. Det brygger no opp til mange harde ordvekslingar i debatten. Vi må ikkje gløyme at verda skal gå vidare, også etter denne saka. Blir frontane for uforsonlege, vil det ramme negativt uansett kva utfallet blir.

Eit av dei mest drøfta argumenta for splitting er involvering og demokrati, i eit stort mot eit mindre fylke. Demokrati nær der liv blir levd. Mindre demokratisk involvering i eit stort fylke, er eit moment fylkeskommunedirektøren i Innlandet også ser i si vurdering. Fylkeskommunedirektøren sine vurderingar er eit ryddig dokument etter vårt syn, med moment både for og mot.

Vårt og mange andre sine vektigaste argument for oppløysing, er demokrati nær der liv blir levd. Det kan da ikkje vere betre for demokratiet at vi får færre folkevalde som kan jobbe for Hedmark og Oppland, som jo Innlandet faktisk er? Når det frå ulike hald blir lagt vekt på det økonomiske ved å ha ein fylkesordførar i Innlandet, mot ein fylkesordførar i Hedmark og ein i Oppland, blir vi forundra. Oppdraget ein fylkesordførar og eit fylkesting har med involvering, utvikling og kontakt mot samfunnet vi skal representere, blir i ein slik tanke tydelegvis underordna.

Same korleis vi snur på det blir det mindre tid til kontakt og involvering i 46 kommunar mot 24 eller 22, når tal på folkevalde går ned i forhold til tal innbyggarar. Frå å ha 70 folkevalde i Hedmark og Oppland til 57 i dag med 10 færre kommunar representert i fylkestinget. Kan vi verkeleg spare oss til eit involverande demokrati? Kva då om vi slo saman til eit ende større fylke? Når blir demokratiet økonomisk lønsamt nok, og når er vi demokratisk store og effektive nok i Ap og H sine augo? Store fylke bør ikkje byggast rundt ein ideologi om ein stor administrasjon og politisk medverking på færre hender.

Vi har til alle tider hegna om det viktige demokratiet, nær der liv blir levd. Forskjellige folkevalde som i si tid i politikken jobbar for gode lokalsamfunn, i både fylke og kommunar. Demokrati nær der liv blir levd, bør ikkje bli ein økonomisk motivert saldering i denne debatten. Då peikar vi i tilfelle i ein retning mot eit AS Norge. Vi i SP vil i fylkestinget jobbe for heile Hedmark og Oppland i tett samarbeid med lokalpolitikarar vald av folket i din kommune.