Gå til sidens hovedinnhold

Gunvor las Vinje

Artikkelen er over 3 år gammel
Innsendt

Granavollen: 30. juli 1870 døydde Aasmund Olavsson Vinje hos sin gode ven kapellan Bang på Presteenkesetet Sjo. Søndag 30. juli inviterte difor Hadeland dialekt- og mållag til diktlesing, og Gunvor Raastad las for omlag 25 tilhøyrarar. Ei sprek dame på 98 år hadde funne vegen til Granavollen saman med dotter si for å høyre.

Gunvor las «Fødselsdagen min», der Vinje skildrar såre minne. Diktet «Den dag kjem aldri» skreiv Vinje i kjærleikssorg, lenge før han møtte si kjære Rosa. Diktet er kåra til vårt finaste dikt om kjærleik.

Kransen Gunvor la på grava er verdig ein fjellets mann. Vinje var ein av stiftarane av Den norske Turistforening i 1868 og Eidsbugarden same året. Båe feirar 150-årsjubileum neste år, same året vi vil feire 200-årsjubileum etter Vinjes fødsel, «Vinjeåret 2018 i Gran».

Kommentarer til denne saken