Å få desse tre forfattarane til Hadeland er ei litterærhistorisk hending.

Johan Fredrik Grøgaard vart fødd i Oslo og er forfattar og oversettar. Grøgaard har budd på Jaren dei siste 25 åra. Den 27. oktober 2022 fylte Johan Fredrik Grøgaard 88 år. Det vil forfattarkollegaer og gode vener markere i november ved å samlast i vår litterære salong.

I den litterære salongen vil dei samtale omkring Grøgaards forfatterskap og fortelje om tida dei arbeidde saman. Fløgstad, Vold og Økland har saman med Grøgaard vore viktige og sentrale i norsk litteratur heilt sia slutten av 1960-åra.

Ved sia av å skrive litterære tekster, romanar, noveller, essay, dikt og skodespel, har dei alle vore tidsskriftredaktørar i lag, blant anna i dei litterære tidsskrifta Vinduet og Basar. Dei har oversett utanlandsk litteratur, redigert ei mengde tekstsamlingar av andre forfattarar, skrive sakprosa og litterære biografiar.

Grøgaard, Fløgstad, Vold og Økland har i stor grad vore med å prega norsk litteratur og den norske litterære offentlegheita dei siste femti åra. Fløgstad, Vold og Økland er fortsatt aktive, og deltar jamnleg i den litterære samfunnsdebatten. Alle tre er blitt tildelt Brageprisen (heidersprisen), og dei fleste litterære priser det er mogleg å få i Norge. Kjartan Fløgstad har, som ein av få norske forfattarar, fått Nordisk Råds litteraturpris for romanen Dalen Portland.

Det er som nevnt eit litteraturhistorisk møte vi blir med på denne kvelden. Dei tre karane har nok mangt å fortelje om samarbeidet med Grøgaard gjennom mange år. Vi er særs glade for å ha fått dei til Folkvang og Hadeland. Vi gler oss, og som humoristen Grøgaard seier: «Det vil og bli litt salong.»

Start helga med forfattarskapet til Grøgaard og forfattarkollegaene hans. Det vert utstilling av bøker, og ungdomslaget serverer kaffi og biteti.

Billett kjøper du gjennom Kulturhadeland på nett seinast torsdag 24. november. Har vi ledig plass fredag, kan du kjøpe billett i døra.