Er Hadeland blitt ei avis som driv fordumming av oss lesarar? Eg er ikkje i tvil om at vi blir undervurderte. Det burde ikkje vere ein bevisst politikk frå Amedia si side å idiotisere avisene sine, men slik kan det sjå ut. Kvar er det blitt av samfunnsansvaret, søke ut for å halde lesarane oppdatert om viktige lokale hendingar, om det som vil gå føre seg rundt oss og det som vil påverke våre liv lokalt? Som gir oss gode møteplassar og åndeleg påfyll som kan løfte oss opp i ein travel kvardag?

Nokoav det mest interessantekjem aldri på trykk. I nettavisa blir det overskygga av uinteressante artiklar frå andre regionaviser. Eller det interessante druknar langt nede på sida under artiklar om skifte av jobb, folk som skal selje huset sitt eller pussar opp. Slikt er sikkert interessant for næraste familie og vener, men kanskje ikkje for så mange andre. Når vi legg inn førehandsomtale har eg opplevd at innlegget blir publisert i papiravisa etter at arrangementet er over.

Eg kan ikkje sjå breidde i dei redaksjonelle artiklane lenger. Når avisa sjeldan eller aldri presenterer redaksjonelle artiklar om kunst og kultur, kan heller ikkje redaktøren registrere «klikk» på den type artiklar. Dei er jo ikkje der. Prioritert bort. Kompetansen finst nok framleis i avisa, dersom redaksjonen ville ha dyrka slik kompetanse og prioritert å ha to kultursider dei tre vekedagane avisa kjem ut på papir. Men kompetanse visnar når han ikkje blir brukt. Og finst ikkje kompetansen, går det an å søke etter han ved nytilsetting av journalist, slik at det kan bli breidde i dekningen att.

Når eldsjeler i lokalsamfunnetfår nasjonale kapasitetar til Hadeland, viser ikkje avisa interesse i det heile tatt. Til dømes har vi i Hadeland dialekt- og mållag presentert Dag Solstad, Edward Hoem, Einar Økland, Bjørn Hatterud og Bjørn Ivar Fyksen i samband med «Terje Johanssen-dagene». Men avisa er ikkje interessert. Ordførar Randi Eek Thorsen avduka nettopp plakettar med dikt av Terje Johanssen i Langguta, men avisa var ikkje der. Pressekonferanse før arrangementa våre får vi ikkje lenger. Hadde vi ikkje skrive førehandsomtale sjølve, hadde ikkje lesarane visst om «Terje Johanssen-dagene, en litteraturfestivalen på Hadeland». Jungeltelegrafen i fjesboka, overtar meir og meir av kulturdekningen som avisa skulle hatt.

Amedia vil ikkje utvikle ein ny kulturkalender for sine mange lokalaviser, til erstatning for spalta «Hva skjer» som blei tatt ned då koronaen la heile kulturlivet i kuvøse. Det hjelper ikkje å kontakte Amedia. Men fjesboka overtek samfunnsansvaret der lokalavisene sviktar. Eg les i fjesboka om interessante kulturarrangement og set av tidspunktet i kalenderen på telefonen min. Men mykje går meg hus forbi, nettopp fordi vi har mista kulturkalenderen i Hadeland, som var det mest verdifulle i heile lokalavisa. For meg.

Manglande dekning av kultur gjeld også manglande dekning av politikk. Ingen journalist følgjer i dag kommunestyremøta fysisk for å fangar opp det som rører seg i salen, analysere det som blir sagt frå talarstolen og stille kritiske oppfølgingsspørsmål til politikarane i ei pause. Den politikken abonnentane får lest, er lesarinnlegg. Vinklinga i debattspaltene er avhengig av kven som har tid til å skrive og gjer det ofte. Same som på kulturområdet. Å referere det som blir kommentert på videolink frå politiske møte eller i fjesboka kan alle klare. Til det treng ein ikkje journalisthøgskulen. Men å anmelde kulturarrangement, analysere, intervjue og stille kritiske oppfølgingsspørsmål til det politikarane framfører, er totalt fråverande.

Til slutt vil eg referere eit par reaksjonar eg fekk då eg fortalde at redaktør Line Ramsrud hadde invitert til temamøte om kulturjournalistikk 15. juni. Den første kjem frå oversettar Ellinor Kolstad på 87. Ho har vore pådrivar i styringsgruppa for «Terje Johanssen-dagene» i 10 år og abonnerer på papiravisa. No er ho ganske sur på grunn av manglande kulturstoff i Hadeland. Ikkje eit ord om litteraturfestivalen vår.

Den andre var eit hjartesukk eg fekk då eg fortalde at eg hadde takka ja til å diskutere kulturjournalistikk. (Eit møte som eg etterpå måtte melde forfall til.)

«Jau, der møter det mange forarga kulturberarar som føler at de ikkje får hjelp av lokalavisa til å løfte fram kulturen vår. Så får de kaffi og ei forelesing om lite ressursar i avisa. Så går de alle heim og fortsetter å skrive i Ditt Hadeland!» Måtte ho ikkje få rett.

Les også

Noen tanker fra skammekroken