Formannskapet i Gran foreslår å «privatisere» utvalde kommunale bilvegar for å knipe inn nokre kroner i driftsbudsjettet. Laurdag låg det i postkassa vår, ei utskrift av saksprotokollen i formannskapssak 83/21 som gjorde at eg skunda meg inn og søkte opp saka på heimesida til Gran kommune for å finne bakgrunnen for vedtaket. Der les eg at frå år 2023 vil kommunen kunne spare 1,6 millionar kroner per år i driftskostnader ved å velte driftskostnader over på private «veglag».

Det er sikkert freistande å kutte kostnader i staden for å auke inntektene.

Vi som bur langs ein veg med færre enn 15 oppsittarar skal frå mai neste år overta ansvaret for brøyting, skraping, strøing og kantklypping langs desse kommunale vegane. I Haugsbakklia må vi stifte veglag for å kunne be om tilbod på arbeidet. Ein av oss må samle inn den private «vegskatten» frå naboane våre for å kunne betale brøytemannskapet for arbeidet. Akk ja. Skal tru kven som vil ta på seg styreverv i eit slikt veglag og springe rundt og purre på manglande betaling av den private «vegskatten»?

Ettersom eg har forstått, er det dei som brukar vegen, som skal tvangsinnmeldast i dette nye veglaget. Dersom eigedommen er leigd bort, er det ikkje eigaren av eigedommen – som frå før betalar eigedomsskatt til Gran kommune – som skal betale sin del av vedlikehald av vegen. Då er det leigebuarane som skal betale. Skal den som bur nederst betale like mykje som den som bur på toppen? Det står i saka at vi ikkje er «part» i sak om nedklassifisering av kommunale vegar. Dette har kommunen heimel til å vedta.

Om sommaren skal vi klyppe vegkantane, eventuelt med sigd og langljå etter at løvetannen har blømt ferdig. Og vi skal halde buskaset i sjakk. Det gjer vi uansett etter at «krattknusaren» frå kommunen har kvista delar av buskar og kjerr langs Haugsbakklia. Vi som er spreke pensjonistar ryddar etter krattknusaren. Vi kan like godt sage ned buskaset på førehand, dersom grunneigaren ikkje gjer det sjølv. Men vil det bli vår plikt å rydde kratt på annanmanns grunn?

Sommarvedlikehald må vi klare. For dersom kommunen skal spare pengar ved å redusere bemanninga, vil jo ikkje desse mange, nye veglaga kunne leige tilbake kantklypparen frå kommunen. Når mannskapet likevel friserer krattet langs gangvegen mellom Haugsbakken og Haugsbakklia, meiner eg.

Brøyting, skraping og strøing i vinterhalvåret blir det verre med! I forslaget går det fram at den delen av Haugsbakken som munnar ut i gang- og sykkelvegen over til Haugsbakklia, også skal «privatiserast». Så dersom kommunen fortsatt skal betale for brøyting av gang- og sykkelvegen men ikkje adkomstvegane til gangvegen, skal altså brøytemannskapet løfte opp snøfresen sin når han køyrer på Haugsbakken fram til gangvegen rundt Haugsbakklia 12, der vi bur. Gangvegen har form som ein Y med armar både til den foreslått privatiserte delen av Haugsbakken og opp til den fortsatt kommunale Utsiktsvegen og ut til den foreslått privatiserte Haugsbakklia. Kommunestyret vil sikkert fortsette å brøyte for dei gåande. Då er det pussig at det er presisert i saka å vurdere å fortsette med kommunalt vedlikehald på «gjennomgangsvegar». Gjeld det berre bilvegar, eller skal det også gjelde gjennomgangsvegar for dei gåande?

Når brøytemannskapet har brøytt gangvegen rundt Haugsbakklia 12, er traktoren ute på den foreslått privatiserte Haugsbakklia. Då løftar han opp snøfresen sin igjen, køyrer oppover (på biletet) for å frese rein gangvegen som går under Risbakkvegen og bind Haugsbakklia saman med Grinakarfeltet. Gangvegane er ikkje foreslått «privatisert», men dei delane av bilvegen som dei gåande brukar, skal brøytast av oss som bur langs Haugsbakklia.

Det påtvungne veglaget vårt kan risikere å bli saksøkt dersom nokon brekk beinet på «vår» isete bilveg, fordi vi ikkje har strødd tidsnok. Nei, dette er ikkje godt nytt.