I år har mållaget invitert Nina Refseth til å halde minnetalen over Aasmund Olavsson Vinje som start på nasjonaldagen på Granavollen. Kva har A.O. Vinje hatt å seie for henne, tru?

Nina Refseth er fødd i Trøndelag og bur no i Oslo. Ho er cand. philol med hovedfag i idéhistorie, og er i dag direktør for stiftinga Norsk Folkemuseum, som omfattar musea Norsk Folkemuseum, Eidsvoll 1814, Norsk Maritimt Museum, Bygdøy kongsgård og Bogstad gard.

Tidlegare har ho brei erfaring frå kultur og mediebransjen, mellom anna frå Det Norske Samlaget, Norsk filminstitutt og Amedia. I 2018 blei ho administrerande direktør for Musea i Sør-Trøndelag og har no vore ved stiftinga Norsk Folkemuseum i Oslo frå 2020.

Gjesten vår har hatt ei rekke styreverv, mellom anna i ulike media og i NTNU. Så har ho vore styreleiar ved Det Norske Teatret i 11 år, til ho gjekk av no 30. april. «Sjølv om det har vore utfordringar, har det vore ein fest!» sier ho.

Førre talar – journalist Åsulv Edland – likar seg også godt i Det Norske Teatret! Han visste nok kva han gjorde då han foreslo å gje stafettpinnen til Nina Refseth. Etter minnehøgtida kan vi nyte kaffi og biteti på Granavolden Gjæstgiveri eller i Kommunehuset.

Hadeland dialekt- og mållag, i samarbeid med Kyrkja i Gran og Mannskoret KK, ønsker deg vel møtt!