Kunnskapsminister Tonje Brenna kjem snart til Stortinget med framlegg til ny opplæringslov. Lova bør sikre nynorskelevane ein nynorsk kvardag, som bokmålselevar får på sitt morsmål - men utan å måtte kjempe for det.

I dag sit nynorskelevar i klasserommet med skriveprogram som gir raude strekar under ord dei skriv heilt rett, i appar som ikkje finst på nynorsk og andre verktøy som gjer at lese- og skriveopplæringa deira blir langt dårlegare enn den opplæringa bokmålselevane får. Mangelen på nynorsk i det digitale klasserommet skadar ikkje berre nynorskelevane, men det stikk også kjeppar i hjula for sidemålsundervisninga til bokmålselevane.

I Innlandet skriv 2922 nynorsk av dei 73.117 elevane i barne- og ungdomsskulen. Elevane våre fortener språkleg likeverd.

Som bokmålsbrukar her lengst sør i fylket kan du snu situasjonen på hovudet: Tenk deg at barnet ditt får raude bølgjestrekar under alle bokmålsorda eleven skriv, fordi programmet berre er tufta på det likestilte sidemålet. Ville det vore heilt i orden for deg som forelder?

Læremiddel er i dag omfatta av det såkalla parallellitetskravet om at dei må finnast på både nynorsk og bokmål, til same tid og pris. Når det blir så mange digitale hjelpemiddel i tillegg til den trykte læreboka må ny opplæringslov henge med i skulekvardagen. Kravet til kva som skal vere på nynorsk må også gjelde dei læringsressursane og verktøya som blir brukte.

Opplæringslova må innehalde tre rimelege krav:

  • Definisjonen av læremiddel må femne læringsressursar.
  • Parallellitetskravet må gjelde for alle digitale og ikkje-digitale læringsressursar og verktøy som er laga for opplæring.
  • Skriveprogram som blir brukte i skulen, måstø både nynorsk og bokmål.