50 personar hadde møtt opp på Rudsætra for å høre Robert Mood laurdag 11. juni. Arrangementet var i regi av Rudsætras venner. I tillegg til Robert Mood fortalte ordførar Harald Tyrdal om kommunen sine beredskapsplanar og Roger Johnsen om sitt filmprosjekt.

Etter krigen hadde krigsveterana (Rudsætergjengen) sine årleg fast samlingar på hytta den første laurdagen i juni. Dei kalla derfor treffet Veterandagen.

Leiar av Rudsætras venner, Knut Hovind, ønska velkommen og takka Kari Mack som tidlegare leiar og primus motor for Rudsætra og formidling av historia her dei siste 20 åra. Hovind oppmoda om at hytta og området blei brukt. Skuleklassar som hadde vore her i år syns den hemmelege hola der Beta-sendaren blei skjult, var spennande.

Filmprosjektet

Roger Johnsen orienterte om filmprosjeket som har vore under arbeid ei tid. Det blir to filmar om blant anna krigshandlingane på Harestua og bruken av Rudsætra under 2. verdskrig. Filmane skal bli klare til presentasjon slutten av august og offentleg visning 27. november.

Robert Mood heldt eit engasjert innlegg om krigføring i dag og i framtida. Han snakka blant anna om at motstanden i Ukraina omfatta heile folket og at motstanden var aktiv. Russland hadde ikkje forventa dette. Ved invasjonen i Ungaren i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968 var motstanden liten. Den sterke motstanden i Ukraina var grunnen til at den russiske militærkollona mot Kiev hadde stoppa opp. Motstanden i Ukraina var mykje meir omfattande enn i Norge i 1940–45. Tyskarane hadde på det meste opp mot 500.000 soldatar i landet.

Mood viste til at den klassiske krigen i stor grad handlar om talet på soldatar, omfang av utstyr, forsyningar, logistikk m.m.

Han sa at krigane no var hybride krigar der mange verkemiddel blei brukt frå klassisk krigføring til spesialstyrkar, militsgrupper, sepratisgrupper, psykologisk og økonomisk krigføring, elektronisk krigføring, dataangrep mm. Dei ulike statane lagar sine eigne spelereglar og følgjer ikkje det vedteke internasjonale regelverket som blant anna er nedfelt i Genèvkonvensjonen («krigens folkerett»). Vidare snakka han om cyberkrig. Russland og Kina var leiande i denne typen krigføring. Vi blir blant anna overvaka via mobiltelefonen og nye bilar. Digitale virkemiddel og desinformasjon blir brukt. Han ga eksempel på hybride scenario. Cyberangrep kunne lamme viktig infrastruktur, etterretning eller påviringsoperasjonar.

Gode planar i Lunner

Ordførar Harald Tyrdal følte han skulle hoppe etter «ruccola» som ein tidlegare elev av han hadde uttrykt det. Tyrdal orienterte om «veteranplanen», og vidare om beredskapsplanane i Lunner samt status når det gjeld mottak av flyktingar frå Ukraina. Generelt meinte han kommunen hadde godt planverk på dette området. Som ein kommentar til Robert Mood sitt innlegg om cyber-krig viste han til dataangrepet på Austre Toten kommune og var glad for at Lunner kommune hadde ei oppegåande it-avdeling.

Hittil har kommunen motteke åtte flyktingar frå Ukraina og 15 var på veg. Mottaket av flyktningar var basert på permanent busetting i kommunen. Dei hadde vedteke å planlegg for 59 flyktningar frå Ukraina til Lunner. Dette kunne bli auka til 120 dersom det var behov.

Kommunen hadde god dialog med staten med digitale møte kvar veke om kva som skjer mm.