Av og til kjem eg i prat om lokalpolitikk når eg treffer kjende på vegen. Fleire av dei eg har tala med, har hatt ein setning felles: «De trenger vel penger til å finansiere Sagatangen!»

Hm, tenker eg. Kvar kjem dette ifrå? – Som om kommunestyret kan la vere å bygge moderne sjukeheim og omsorgsbustader? Det som mange av oss eldre og våre tålmodige tilsette ventar så på! Det synest som om vi ikkje har råd til ditt og datt fordi vi skal bygge nytt helsesenter på Sagatangen. Alt som har vore galt i kommunen er liksom blitt knytt opp til Sagatangen-prosjektet, lenge før det vart tatt opp lån og brukt penger på det.

Denne motviljen måtte eg finne ut av: Eg starta med å slå opp i den lange saksprosessen som leidde fram til budsjettvedtaket i desember i fjor.

LES OGSÅ: Viktig avklaring for Sagatangen: – Et stort og viktig skritt videre

Budsjett og økonomiplan 2022-2025

Som kjent vart Ap og Sp sin økonomiplan vedteke med 18 mot 9 stemmer den 16. desember 2021, med støtte av SV og Høgre. I planen ligg det m.a. ei investering på 640 mill. kroner til «Nytt helse og omsorgssenter på Sagatangen».

Korleis ville Bygdelista finansiere sjukeheimen, tenkte eg og slo opp i Bygdelista sitt alternative forslag, som berre fekk Bygdelista sine ni stemmer.

Til mi store overrasking har Bygdelista neikta å legge til grunn lokaliseringsvedtaket om sjukeheim på Sagatangen. Ganske så frekt har Bygdelista budsjettert med sjukeheim på Skjervum – som dei har bestemt seg for at skal koste 400 millionar kroner. (?) Rett nok med berre 100 plassar og ingen omsorgsbustader. I tekstdelen til forslaget sitt skriv Bygdelista:

(sitat)

640 millioner investering på Sagatangen for sjukehjem + omsorgsboliger er tatt bort

400 millioner investering på Skjervum for nytt sjukehjem er lagt inn. (NB BARE sjukehjem.)

(sitat slutt)

Lenger nede i tekstdelen forklarar Bygdelista at dei (…) «Tar bort et prosjekt som ikke er vedtatt.»

Ikkje vedteke?

Her hevdar Bygdelista svart på kvitt at tiltaket med «Nytt helse og omsorgssenter på Sagatangen inneholdende 88 institusjonsplasser, 32 mindre omsorgsboliger, dag-aktivitetssenter, institusjonskjøkken, legekontorer og lokalmedisinsk senter» ikkje er vedtatt.

Slik har Bygdelista sjonglert med millionane for å skaffe seg monopolpengar, heile 240 mill. kroner meir enn våre raudgrøne styringsparti – med støtte frå SV og Høgre – har til investering i perioden. Då vil eg minne lesarane om det omfattande vedtaket du kan finne i kommunestyresak 111/20, som mellom anna slår fast at prosjektet med helse- og omsorgssenter på Sagatangen skal vidareutviklast (osv.)

Les også

71 millioner hittil, og taksameteret går

Dei 400 millionane GBL foreslår å bygge for på Skjervum, er heller ikkje prosjektert. Beløpet er ganske enkelt fastsett av GBL, slik dei bestemte at bygget, som med knappest mogeleg fleirtall vart nedstemt i desember 2020, skulle koste fleire hundre millionar mindre enn forprosjektet viste. Og som difor «sprakk», fordi det var fullstendig urealistisk. Sabotasje?

Det overraskar meg at GBL neiktar å rette seg etter fleirtalsvedtak nettopp i det folkevalde organet der gruppa er i «konstruktiv opposisjon», som dei skriv om seg sjølve på heimesida si.

Kva har dei i Lunner som vi i Gran ikkje har?

Kommunestyret i Lunner har greidd å bygge sjukeheim etter ein tilvarande lokaliseringsdebatt som vi hadde her i Gran. Fleirtalet i Lunner kommunestyre ville bygge på Harestua. I sentrum, slik som fleirtalet vil i Gran. I Lunner har sjukeheimen vore i bruk eitt år, utan at vi i Gran har fått spaden i jorda.

I mellomtida fyk byggekostnadene til himmels.