Gå til sidens hovedinnhold

«Vårstemningar» i Steinhuset

Torsdag 3. juni blir det igjen konsert i Steinhuset på Granavollen.

Ditt Hadeland

Trioen Kvalbein/ Myrvold/ Rabben har sett saman eit variert konsertprogram med norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk. Kontrastar har stått sentralt i samansetjinga av programmet, som rommar heile kjenslespekteret; glede, sorg, latter, gråt og brennande kjærleik.

Dei har lagt vekt på eit variert og breitt repertoar med norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk – både større klassiske verk og eit utval songar og stykke frå vise- og tangorepertoaret. Til dømes har dei innstudert delar av den relativt ukjende syklusen «Three songs op. 21» av Amy Beach, skrive originalt for besetninga vår. Dei har rearrangert stykke av bl.a de Falla, Massenet og Fauré for alle tre instrument, og ein Bach-invensjon for cello og sopran. Kvalbein og Kjetland Rabben framfører dessutan første sats frå Griegs store cellosonate.

Aage Kvalbein er rekna som ein av våre fremste musikarar i dag. Han har turnert over heile verda og har over 40 plateinnspelingar bak seg. I 1985 vart han professor i cello, og han har undervist ved Noregs Musikkhøgskule i ei årrekkje. Kvalbein har vunne ei rekkje prisar, bl.a. Spellemannsprisen og Grieg-prisen. Dei siste åra har han ved fleire høve samarbeida med sopran Maren Myrvold.

Maren Myrvold er utdanna klassisk songar og operasongar, og arbeider innen teater, opera og musikkteater. Myrvold er oppteken av tverrfaglege samarbeid på tvers av kunstform og sjanger, og produserer egne konserter og forestillinger i tillegg til at ho driv sin eigen konsertserie i samarbeid med billedhugger Knut Wold. Myrvold debuterte som solist i «Alcina» av Händels på DNO & B i 2014.

Marita Kjetland Rabben er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har fleire faste ensemble, og produserer også eigne tverrkunstnariske framsyningar. Under masterstudia fordjupa Marita seg i russisk musikk, og i 2011 debuterte ho som solist med Trondheim Symfoniorkester i Rachmaninovs 2. klaverkonsert.

Kommentarer til denne saken