Gå til sidens hovedinnhold

Vi trur på heile Oppland

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I løpet av våren har vi møtt folk i alle dei 24 kommunane i Oppland, valkretsen vår. Vi har prata med ulike folk med forskjellige kvardagar – som leiarar for verkstader og eldreheimar, gardbrukarar, reiselivsaktørar, kulturarbeidarar og arealplanleggarar, samt gode partikollegaer. I desse møta har vi fått mange viktige innspel som vi bruker aktivt i kvardagen vår som stortingsrepresentantar og fylkestingsrepresentantar. Møta har gjort oss endå sikrare på at Senterpartiet sin politikk trengst!

Oppland er mangfaldig, både i geografi og arbeidsmarknad. Alle bedrifter jobbar knallhardt og står på til tross vanskelege tider. Landbruket har produsert meir enn nokon gong, og behovet for sjølvforsyning og beredskap er større enn på lenge. Pandemien har satt dette i perspektiv.

Sentralisering og flytting tenester har vore eit gjentakande tema. Tenester blir flytta bort frå folk som et resultat av regjeringa sine reformer. For mykje makt flyttast lenger unna, og i verste fall heilt til EU og Brüssel. Det gjer ikkje kvardagen til folk betre.

Det er i kommunane folk bur og verdiar blir skapt. Folkevalde rundt om kring i Oppland fortel om ein pressa kommuneøkonomi der ein bruker mykje krefter på å vurdere nedskjeringar og innsparingar. Pandemien har lagt eit ytterligare press på situasjonen. Senterpartiet vil styrke økonomien til kommunar og fylkeskommunar for å sikre tenester nær folk.

Veg og samferdsel er noko som er viktig for alle og særleg næringslivet har presisert dette, og innspela vi har fått er eintydige: det er bra å ruste opp og forbetre vegane vi har. Gjer vi det, får vi meir att for pengane og fleire lokale entreprenørar får jobbane. Senterpartiet har prioritert vedlikehald av fylkesvegar i våre alternative statsbudsjett og vil halde dette høgt også etter valet.

Vi har mykje meir vi vil følgje opp.

Til alle vi har møtt, takk for praten – vi pratast snart att!

Kommentarer til denne saken