Gå til sidens hovedinnhold

Vinje i ei ny tid

Artikkelen er over 1 år gammel
Ditt Hadeland

Etter Aasmund Olavson Vinje har vi ein rik og mangslungen kulturarv! Det er først og fremst som ein ordets mann Vinje har sett spor etter seg i den norske kultursjela. I år er det 150 år sidan Vinje sovna inn på Presteenkesetet Sjo, bare 52 år gammel. For å markere dette, inviterer vi til seminar helga etter påske, 18. -19. april, på ærverdige Granavolden Gjæstgiveri.

Pressemannen Per Egil Hegge opnar seminaret med å løfte fram Vinje sin banebrytande innsats og eigenskapar som pressemann. Historikar Karsten Alnæs er godt kjend på Hadeland og vil tale om Vinje, naturen og Den Norske Turistforening.
Tora Aasland heldt minnetalen i 2017, og ho gler seg til å kome tilbake til oss for å fortelje om Vinje som nasjonsbyggjar. 1800-talet var ei brytningstid for landet vårt. Forfattar Eivind Blikstad gav ut boka «Vegviseren» i jubileumsåret 2018. Eivind vil ta for seg Vinje si oppvakningstid i Mandal; korleis han utviklar seg frå lærarvikar via mislukka sjømann og politikar til samfunnsdebattant.
Søndagen opnar seminaret med styrar på Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen. Ho vil fortelje om fjellmannen Vinje. Solbjørg brukar å syngje Vinje for middagsgjestene sine på Fondsbu, etter å ha vist dei Vinjebui.
Journalist Åsulv Edland vaks opp på nabogarden til den historiske Storegut i Vinje. Åsulv gir oss Storegut – kjempekaren som ikkje ville døy!

Kyrkja byr på gudsteneste i Nikolaikirken, og vi spaserer over kjørkevangen til gudsteneste med vår kulturinteresserte prost Kirsten Almås. Deretter tek Magne Aasbrenn for seg stoda for nynorsken inn i 2020-åra. Det er hos oss Magne har sitt siste eksterne oppdrag som leiar i Noregs Mållag. Helga etter seminaret er det Landsmøte, og då går han tilbake til undervisinga i den vidaregåande skulen heime i Fredrikstad.
Avslutningsvis høyrer vi vår eigen Rolf Theil, som er ein språkmektig professor emeritus ved UiO. Rolf tar oss med på ein språkodysse til år 2050 og vil fortelje kva han fann. Tru om han fann både nynorsk og bokmål? Fann han dialekter? Eller talar vi bare engelsk i 2050?

Laurdagskvelden byr vi på konsert med Sondre Bratland i Mariakirken. Konserten blir open for alle så lenge det er plass.
Påmelding til seminaret finn du på www.ticketmaster.no Påmeldingsfristen er 20. mars.

Vel møtt til ei triveleg helg på historiske Granavollen!

Arrangør er Hadeland dialekt- og mållag, i samarbeid med Kirken i Gran.

Kommentarer til denne saken